Meld deg inn!
Meld deg inn og få meir informasjon!
No er endeleg Stad Vekst u40 i gong! Kick-off 1.november gav mykje nyttig innsikt, men vi er klar over at det var mange som ikkje hadde anleidning til å delta denne gongen. Vi skal i gong med ny kick-off på Saltnwax sine nye lokaler på Leikong på Stadlandet i slutten av november. Presentasjonane som vart nytta ligg under her for dei som vil ha meir informasjon. Arrangementa vil bli publisert fortløpande her på sida og i facebook gruppa vår.
Meld deg inn og få meir informasjon!
Her kan du lese meir om tankane som ligg til grunn for prosjektet.
Les meir om kva vi gjorde under kick-off 1.november!
Meld deg inn i Facebook gruppa vår!
Eiga side for alle i nettverket med siste nytt!
u40 er ikkje eit nytt prosjekt.Dette har vore prøvd ut fleire andre stadar og har vore noko positivt. Samstundes som vi blir eldre legg vi frå oss nokre eigenskapar vi kanskje kan treng; å ha eit ope sinn og bli kjende med dei som er rundt oss.
I Stad, i Noreg og i verda for øvrig kan det vere lett å vere litt isolert. Kanskje går vi på den samme jobben, snakkar med dei samme folka og hamnar i ei rutine der vi ikkje like ofte er utanfor komfortsona og kanskje mistar vi litt verdiar og haldningar på vegen.
Vi treng kvarandre for å vekse,for å bli betre, for å ønske meirut av livet og for å lære meir om oss sjølve. Målet er at u40 skal bli med å løyse dette- at vi knyt oss nærare kvarandre, at vi blir klar over kvarandre og at all den kompetansen dokke sit på kan bli nytta.
Det er ganske openbart, men menneske er faktisk den viktigaste ressursen vi har. Vi har alle ulike erfaringar og ulik kunnskap og det mangfaldet er ei styrke.Vi treng unge stemmer inn i styrer; perspektivet De har kan hjelpe andre og meiningane og innspela De har er veldig verdifulle.
Dagens status er at Vestland under eitt slit med å tiltrekke seg relevant arbeidskompetanse, vi bur i en region med fråflytningstrender og problemet er ikkje berre å få folk til å flytte hit-
men korleis kan vi behalde dei som har kome?
Ein rapport frå Vestlandsforskning viser at det er ein kortare veg for å avansere karriera i distrikta enn det er i storbyen. Kanskje er det her ei moglegheit vi kunne brukt meir? Og kanskje u40 kan vere med på å løyse disse tinga?
Det er viktig å tenke heilskapelig. No vil Stad Vekst med u40 dra i gong aktivitet, vi trur det fører til høgare engasjement, auka trivsel, at det gir tilvekst og moglegheit til å tiltrekke arbeidskompetanse, eller løyse ut den kompetansen som allereie ligg her.
Det igjen trur vi vil legge til rette for desto fleire aktivitetar og løfte lokalsamfunnet her i kommuna.
Der er tre perspektiv som
representerer verdiane i
u40 prosjektet.
Auka arbeidskompetanse, større tilvekst, det regionale perspektivet vil at regionen som heilskap skal vere konkurransedyktig i det å tiltrekke seg jobbsøkerar, auke marknaden. Vi skal ha med oss dette perspektivet inn i u40. Vi treng at dei rundt oss også er gode om vi skal vere gode.
Det lokale perspektivet: her ligg Stad Vekst, vi skal jobbe for Stad kommune i hovudsak, vi vil at denne kommuna skal hevde seg og at vi som er her skal ha minst like gode moglegheiter som dei rundt oss. Så skal vi også ha tett dialog med dei regionale organa. Fleire av dokke har heilt sikkert kollegaer frå andre kommuner, eller kanskje dokke sjølve arbeider i ei anna kommune.
Det er det personlege perspektivet som skal ligge til grunn for arbeidet vi gjer med Stad Vekst u40. Dei tiltaka og aktivitetane vi sett i gong skal vere på bakgrunn av meiningane til dei som er i nettverket. Difor treng vi å bli litt personlege. Dei perspektiva, erfaringane og innspela den enkelte av oss sit med er der verdien ligg. Difor kjem vi med oppfordringa: våg å ta plass. Tenk at di meining er viktig. Vi treng kvarandre, og det som du kan, det kan ikkje alle.
Kva er eigentleg behovet? Kva er det monge av oss sit og tenkjer på og som vi no kan ta opp i eitt litt meir formelt forum, der vi kan sette oss mål og sette nokre av desse ideane ut i live?
Vi har lyst å gå i gong med arrangement i tråd med det behovet som faktisk finnst for u40-nettverket og dette skal være grunnlaget for viare arbeid.
Det er mange ting som e verdt å ta opp, og alle innspel er velkomne – men vi har vald to hovudkategoriar å jobbe ut ifrå: sosiale happenings og sjølvrealisering.
Det er klart at vi skal ha nokre sosiale happenings utover, vi kan sei litt om kva vi ser for oss så blir det opp til alle å vurdere kva som er interessant og om det eventuelt er andre behov som vi ikkje he fått med. For å få igong nokre idear:
Vi vil ikkje at u40 skal være reine sosiale arrangement, (sjølv om vi trur det blir veldig gøy). Under sjølvrealisering tenker vi aktivitetar som kan bidra til at vi kan vidareutvikle oss.
Nummer én for Stad Vekst sin del er kanskje om vi skulle arrangert ein ‘meet and greet’ mellom oss som arbeidstakara og jobbsøkera og næringslivet i kommuna.
Kanskje er der moglegheiter som vi ikkje er kjende med. Er det vidareutdanning eller kursing vi treng? Kanskje mental trening/coaching?
Vi kan ha fleire møte med tema som De sjølve kan velge – treng vi ein «korleis lage stilig cv»-dag? Eller kanskje en liten oppfriskning av arbeidsmiljøloven? Kanskje bankane kan ha et innlegg med korleis sette i gong med investering og sparing, eller bli enda betre på det?