Formål

No skal vi i gong med U40 i Stad Vekst. Dette er ei form for nettverksbygging som er gjort mange ganger før på mange andre stader. Med andre ord veit vi at det har noko føre seg. U40 nettverka har som generelt mål å kople saman menneskje i denne aldersgruppa, ein dannar nye relasjonar som kan vere nyttige i arbeidssamanheng – men også for å knytte sosiale relasjonar, lære av kvarandre og skape diskusjonar.

Vi har som mål å få fleire unge inn i styrer – vi har trua på at ei breiare samansetjing i alder kan gje naudsyne og nye perspektiv og løysinger.

Vi i Stad Vekst blir stadig imponerte over alle talenta som er tilstades her i kommuna. Vi er rike på den viktigaste ressursen som finns; menneskje som vil kvarandre vel. Det er eit tema som har gått igjen på bedriftsbesøka vi har vore på også, ein ynskjer at andre skal lukkast og vi vil løfte opp kvarandre.

Dette er noko som allereie inngår i jobben til oss i Stad Vekst. Vi er opptatt av å skape møteplassar og arenaer der folk kan treffast og gjere seg kjende båe med eigne moglegheiter, men også kva ein kan få til saman om ein får nytte kvarandre. Dette er nøkkelen til U40 nettverket; Om ein ikkje sit med alle svara og løysingane sjølve kan det vere andre som har bruk for nettopp din kompetanse. Dette kan vere båe i jobbsamanheng, men også sosialt.

Dette aspektet kan vere like viktig, og ikkje minst ein vital del for å knyte nettverket mot næringslivet. Vi er ein del av ein fråflyttingsregion, dei største behova vi har er arbeidskompetanse – eit anna ord for menneskje. Nordfjord og Stad kommune er avhengig av å tiltrekke seg personar med kompetanse som vil leve og bu her og vere med å bygge regionen og kommuna i åra som kjem. Det første steget er at dei som allereie bur her må trivast

Kva er det eigentleg vi i denne aldersgruppa ynskjer? Er det høgre aktivitetsnivå på kveldstid og sosiale hendingar? Har vi behov for etterutdanning og kursing? Er vi for dårleg orienterte om moglegheitene i arbeidslivet? Eller kanskje vi ynskjer å utvide vår eigen sosiale sirkel og bli kjende med nye menneskje.

På Kick-off 1.november er det målet vårt å finne ut av dette. Vi håper så mange som får plass i kommunestyresalen møter opp og at vi får ein haug med innspel vi kan arbeide viare med. Først vil vi orientere om korleis vi ser for oss gangen i det heile, kva vi kan hjelpe til med og kanskje kva vi kan få til om fleire vil vere med å lage arrangement. Denne kvelden skal vere inspirerande og kanskje opne augene litt for kva vi kan få til ilag.

Etter presentasjon om kva som kan vere aktuelt vil vi ha innspel frå oppmøtte om kva som er viktigast, kor er det skoen trykker? Og ser vi korleis vi kan løyse det?

Den siste delen er kven. Vi håpar alle vil kome, vi har lyst å fange opp alle frå ulike livssituasjonar og ulike jobbsituasjonar – de fleire som kjem, de fleire kjem i kontakt med kvarandre og vi får ei breiare kontaktflate.

Om du allereie er etablert, har drømmejobben og ein trygg sosial sirkel, kan det vere du får motivasjon til å strekke deg lengre, anten profesjonelt eller på personleg plan, ved kontakt med andre menneskje. Om du er på motsett side av skalaen, kanskje tilflyttar og ikkje heilt sikker på vegen viare er det nøyaktig like viktig. Uansett kvar ein er i livet, er ein ting sikkert – vi treng kvarandre.

Linn-Kristin Nygård

Linn-Kristin Nygård

Prosjektleiar