Kick-off u40!
Onsdag 1.november var det kick-off i kommunestyresalen på rådhuset på Nordfjordeid. Blant dei frammøtte var både dei som har budd i kommuna store delar av livet og dei som har flytta hit seinare. Kvelden hadde to hovudmål; orientere om moglegheitene som finns i kommuna og regionen i tillegg til å kartlegge ønska og behova i målgruppa.
Etter ei kort orientering om u40 konseptet fekk Svein Petter Starheim frå Sparebanken Sogn og Fjordane ordet. Det var klart at denne nettverkssatsinga var noko dei hadde venta på at skulle kome i gong og som tydeleg hadde mangla tidlegare. For å hjelpe til å kome i gong og få snøballen til å rulle overrekte dei ein sjekk på 100.000,- kroner! Det var ei klar synleggjering på banken si interesse i unge i Stad og legg lista for kva som skal kome ut av prosjektet. Dette skal nyttast framover til å ta tak i mange av innspela som kom fram i løpet av kvelden.
Inviro og Nordfjordakademiet kom med presentasjonar og fortalte om regionale moglegheiter og korleis vi saman kan tenke heilskapleg med lokal forankring. Fleire av dei som møtte opp i går melde seg inn i Nordfjord Alumni som Nordfjordakademiet drifter og vart kjende med moglegheitene for etterutdanning og nettverksbygging gjennom studentstovene til StudieHub som er under Inviro.
Nett dette med «forankring» vart det lagt fokus på under workshoppen. Dei frammøtte vart utfordra til å kome med forslag til arrangement og korleis dei sjølve kunne ta del i prosjektet framover. Det var ein braksuksess! Det ramla inn med mange kreative forslag som skal vere med å legge linjene framover:
Det var foreslått teambuilding og «bli-kjende» aktivitetar, Open mic -kveld, turneringer, konkurranser og kokkekurs! Det var eit større spekter der ein fekk løfta fram både faglege behov så vel som sosiale. Det vart forslag til temamøter og «Gründer 101» der vi kan ha kurs og oppfordre til gründerverksemd i kommuna. Eit veldig spanande forslag som kom inn var å engasjere «heimflyttarar» til å få med seg venane sine til å flytte tilbake til kommuna.
Karrierestigen kan vere kortare i distrikta enn i storbyen og dette er noko vi må utnytte. Det vart diskusjon rundt styreverv og meldt interesse for å ta del i styrer samt oppfordring til å kunne vere med utan spisskompetanse innan den gitte verksemda. Stian Skårhaug oppfordra til mangfald med bakgrunn i styret til Skårhaug taktekk der han understreka verdien av ferske perspektiv og det å tenke anleis.
Dei som møtte opp er no den første kjernegruppa i u40 prosjektet, men vi legg fokus på å ekspandere. Det er klart at i det å ha arrangementet på kveldstid i kommunestyresalen på Nordfjordeid, har ein allereie heva terskelen for å i det heile tatt få til å møte opp. Fortvil ikkje! Vi skal setje i gong ein sekundær kick-off med same oppsettet på Saltnwax sine nye lokaler på Leikanger på Stadlandet! Det er eit viktig poeng å tenke heilskapeleg innad i kommuna: Vi skal ha rom for alle som vil vere med og vi skal gjere det vi kan for å arbeide likevektig. Alle som er i indre er velkomne til arrangement i ytre og omvendt, så blir det vår jobb å sikre at ein får dei same tilboda.
Nettverket skal no formaliserast gjennom heimesida og facebook-gruppe vi ynskjer at alle dei som hadde lyst å delta på kick-off men ikkje hadde anleidning også blir med så vi får ei brei forankring i målgruppa på dei tiltaka og arrangementa vi skal i gong med. I sum vonar vi at den einskilde skal våge å ta plass, tenk at di meining er viktig og hugs at det du kan, kan ikkje alle.
Ein stor ekstra takk til Inviro , Nordfjordakademiet og især Sparebanken Sogn og Fjordane!????????????????
Vil du lese meir om studentstovene til Inviro eller melde deg inn i Nordfjord Alumni? Trykk på ikona under ! ????