Frukostmøte Stad Hotell fredag 28. august

Vi inviterer til Frukostmøte Stad Hotell fredag 28. august.
Frukost frå 08.30 og møte frå kl. 09.00-11.00.

Program:

  1. Velkomen v/ Stad Vekst
  2. Korleis definerer FN et bærekraftig reiseliv v/ Kai Grieg frå FN sambandet
  3. Kva gjer Stad kommune for å skape ei bærekraftig utvikling v/ ordførar Alfred Bjørlo
  4. Orientering om Prosjekt Bærekraftig reiseliv på Stadlandet v/ Ivar Petter Grøtte frå Vestlandsforsking
  5. Kort informasjon om Bedriftsnettverk reiseliv v/ Olav Hjelle, Stad Vekst
  6. Bedriftseksempel – kva betyr bærekraft for vår verksemd v/ Ove Hoddevik, Sparebanken Vest

Påmelding til olav.hjelle@stadvekst.no eller på sms 917 15 561.

Arrangør: Stad Vekst og Stad kommune


20200828 Alfred Bjørlo berekraft 280820 2

20200828 – Ove Hoddevik STRATEGI FOR BÆREKRAFT I SPAREBANKEN VEST

PresStadAug20

20200828 Olav Bedriftsnettverk reiseliv

20200828 FN sambandet – turisme og bærekraft stad

Frukostmøte på Sagstad måndag 15. juni

Stad Vekst inviterer til frukostmøte på Sagstad måndag 15. juni kl. 08.00-10.00

Frukost frå kl. 07.30

Program:

  • Nytt frå Stad Vekst v/ Olav Hjelle
  • Ferie i Stad kommune – presentasjon av kampanje
  • Marknadstiltak norske marknaden v/ Beate Vik Hauge, Visit Nordfjord
  • Smittevern i Stad, v/ smittevernlege Tomas Vingen Vedeld
  • Omstilling i krisetider – to bedriftseksempel:
    • Stad Hotell v/ Olav Steimler
    • Sagastad v/ Eli Førde Aarskog
  • Støtteordningar som følge av Covid 19

Smittevern:

Av omsyn til smittevern er det kun plass til 50 personar på Sagastad. Alle må registrere seg med namn og e-post gjennom påmelding. I tillegg vil lokalet være innreia med avstand mellom deltakarane.  Vi oppmodar om å unngå fysisk kontakt, og bruk desinfisering som er plassert ved inngangen.

Påmelding til olav.hjelle@stadvekst.no eller ved sms på telefon 91715561

Velkomne!

Generalforsamling Stad Vekst – 15. juni 2020

Generalforsamling Stad Vekst den 15. juni 2020 kl. 10.00. Meir informasjon kjem.

Digital påskedugnad – måndag 6. april kl. 09.00-10.00

Stad kommune og Stad Vekst inviterer til «digital påskedugnad» for næringslivet i Stad måndag 6. april kl. 09.00-10.00

I lys av den svært uvanlege situasjonen vi står oppe i, ønskjer vi å samle næringslivet og bidra med nyttig og praktisk informasjon. Vi får også høyre korleis tilstanden  blir opplevd frå nokre aktørar og korleis Stad Vekst og Stad kommune arbeider med utfordringane – både på kort og lang sikt.

Webinaret er gratis og vil foregå som et møte på nettet.

Agenda for møtet:

  • Velkomen – praktisk informasjon v/ Olav Hjelle
  • Eksempel på utfordringar og samordna innsats v/ Olav Steimler, styreleiar Stad Vekst
  • Inviro – status og planar framover, v/ ny dagleg leiar Øystein Nes
  • Ny leiar om Sagastad akkurat no v/ Eli Førde Aarskog
  • Orientering om krisepakkar for næringslivet v/ Olav Hjelle
  • Lokalt og regionalt beredskapsarbeid v/ ordførar Alfred Bjørlo

________________________________________________________________________________

Bli med i Microsoft Teams-møte

Lær mer om Teams | Møtealternativer

som ikkje kan logge seg på

Velkomne til webinar!


Presentasjon: Webinar (PDF)

Velkommen til FoU-verkemiddeldag for næringslivet i Nordfjord

Har du planar om å utvikle noko nytt, og lurer på om SkatteFUNN eller ei anna FoU-finansieringsordning er noko for di bedrift? Kom og lær om ulike moglegheiter, få tips til korleis komme i gang, og høyr frå bedrifter i vår region som har lukkast med bruk av FoU.

Velkommen til ein dag med inspirasjon og informasjon om moglegheiter for finansiering til forskings- og innovasjonsprosjekt. Du får informasjon om kva du kan få økonomisk støtte til gjennom SkatteFUNN, og andre regionale, nasjonale og internasjonale ordningar for FoU.

Mange bedrifter sit på eit potensial for auka verdiskaping men som kan krevje eit FoU-arbeid for å realisere. Kanskje opplever mange ein høg terskel for å nytte støtteordningar for å gjennomføre lønsame utviklingsprosjekt? På denne samlinga vil vi gjere terskelen lågare og legge til rette for at bedrifter kan komme i gang.

Forsking og innovasjon i praksis

Du vil få presentert praktiske eksempel frå bedrifter i vår region som har fått resultat av å tenke nytt, og som delar av sine erfaringar med bruk av FoU.

Frode Lindvik i Bano-gruppen fortel om deira 10 år lange erfaring med SkatteFUNN og om samarbeid med forskarar i innovasjonsprosjektet “NORSealast AF”. Jon-Rune Heimlid i Nomek deler sine erfaringar med SkatteFUNN, og fortel om korleis og kvifor dei arbeider med innovasjon og utvikling.

Møtet blir på Nordfjord Hotell, onsdag 11. mars kl. 09.00-15.00

Sjå denne lenkja for komplett program og påmelding:

https://forskningsradet.pameldingssystem.no/skattefunn-og-fou-som-verktoy-for-innovasjon-i-naeringslivet

Arrangementet er eit samarbeid mellom næringsorganisasjonane i Nordfjord, Teknoløftet, VRI og Forskningsrådet.

Velkomne til en nyttig fagdag!

Velkommen til frukostmøte!

Vestland fylkeskommune inviterer til frukostmøte!

Korleis kan vi saman utdanne fleire fagarbeidarar? Meld deg på frukostmøte og ta gjerne med folk frå eigen organisasjon! Få meir informasjon om opplæring i bedrift og korleis vi saman kan skape gode samarbeidsarenaer.

Frukostmøte blir arrangert på følgande stadar:

  • Eid vidaregåande skule 26.02.2020 klokka: 08:00 – 09:15
  • Stryn vidaregåande skule 03.03.2020 klokka: 08:00 – 09:15

Vi serverer frukost frå 07:45. Deltaking på frukostmøte er gratis. Vel møtt!
Sjå påmeldinga for meir detaljert program.

Påmelding
Det er elektronisk påmelding: https://sfj.pameldingssystem.no/rekruttering-av-framtidas-fagarbeidarar

Påmeldingsfrist: ei veke før frukostmøte finn stad.
Påmelding er bindande, gje melding om du likevel ikkje har høve til å møte. Kontaktperson i fylkeskommunen: Essi Mäki, Essi.Annika.Maki@vlfk.no

Reiselivskveld – Lønsame opplevingar

Turistnæringa i Nordfjord er ei betydelig næring og gjev ringverknadar langt ut over reiselivet. Dette fører til verdiskaping og overrislingseffektar for andre næringar og gjer regionen meir attraktiv som bu- og arbeidsstad. Vi skal gje gjesten moglegheit til å orientere seg om regionen sitt tilbud på ein enklare måte ved å ta i bruk digitale løysingar, som gjer reisemålet tilgjengeleg før, under og etter opphaldet.

Stad: Nordfjord Hotell
Tid: 13. Februar, 18:00 – 20:00

Program:

  • Reiselivet er i sterk vekst i Noreg – Nordfjord satsar målretta for å ta del i denne veksten. Kva er Nordfjord sin strategi i reiselivsarbeidet?
    – Kursen framover, Strategi og satsingar 2020. Marita Lindvik, Visit Nordfjord
  • Nordfjord som reiselivsregion skal bli endå meir attraktive ved å vere tilgjengelige i det digitale reiselivslandskapet. Auka tilgjegeligheit og lønnsemd gjennom felles bookbar plattform
    – Kva betyr det for meg som aktør og bli bookbar på nordfjord.no. Benedicte Willand Elsrud, Visit Nordfjord
  • 10 min pause
  • Komplett digital reiseguide over Nordfjord er tilgjengeleg på mobilen til ein kvar tid. Du som innbyggjar, kommune, aktør og handelstandsbedrift kan vise fram ditt produkt, gi tilbud og praktisk informasjon til den valgte målgruppa
    – Bli det gode vertskap med appen Aispot. Benedicte Willand Elsrud, Visit Nordfjord
  • Reiselivsutvikling i Stad kommune – Status/Framdrift. Stad kommune.

Velkomen til ope møte anten du er reiselivsbedrift eller handels- og servicenæring i Nordfjord.

Operasjon nullutslepp i Vestland 6. februar: Kva kan vi gjere lokalt?

Velkomen til inspirasjonssamling torsdag 6. februar kl 09-14 i Operahuset Nordfjord, Nordfjordeid

Vestland fylke har sett eit tøft mål: Å bli eit nullutsleppfylke i 2030! Inspirert av dette, har no fleire kommunar i nye Vestland sett seg same mål, mellom anna Stad. Andre kommunar har også sjansen til å setje offensive klimamål i løpet av 2020.

Stad kommune, Vestland fylkeskommune og Klimapartnere Vestland vil i samarbeid med Sparebanken Vest invitere til ein inspirasjonsdag for å syne at nullutslepp er mulig – og kan skape
eit betre samfunn!

Vi vil syne døme på kva som kan gjerast lokalt, og syne at offensiv klimasatsing ikkje berre er for dei store byane, men også viktig og positivt for distriktskommunar og verdiskaping i distrikta.

Vi vil særleg ønskje velkomen alle i Vestland som det neste året skal arbeide med å lage kommuneplan, setje klimamål og leggje føringar for bærekraftig areal- og samfunnsutvikling. Men alle andre er også hjarteleg velkomne!

Du møter mellom anna desse foredragshaldarane:

  • Natalia Golis, Fylkesvaraordførar i Vestland
  • Helene Frihammer, Klimapartnere Vestland
  • Sveinung Rotevatn, Statssekretær KMD
  • Ingrid Velken, konserndir. BKK
  • Johannes Rauboti, konsernsjef SFE
  • Bente Glomset Vikhagen, Ålesund kommune
  • Åslaug Krogsæter og Kristine Dahl, Stad kommune

Arrangementet er gratis! Detaljert program, meir info og lenke til påmelding blir lagt ut under Facebookarrangementet Operasjon nullutslepp: Kva kan vi gjere lokalt?

Har du spørsmål, kontakt:
alfred.bjorlo@stad.kommune.no

Næringstreff

Vi inviterer til næringstreff torsdag den 28. november:

  • Nordfjord Hotell, frukost frå kl. 07.30 – møte frå kl. 08.00-10.00
  • Prestebakken, Selje frå kl. 16.00-18.00. Enkel servering

Tema blir Rekruttering av arbeidskraft:

  • Framtidsfylket v/ dagleg leiar Linda Hovland
  • Nordfjord Opplæringskontor – «The story» v/ Tom Øyvind Solheim
  • «Gloppen-modellen» – v/ Øyvind Hervik og Ann Iren Festervoll frå NAV
  • Rekruttering av arbeidskraft og samfunnsansvar v/ Geir Peder Ueland frå In Via
  • Integrering av flyktningar v/ Rune Engeseth, Stad kommune
  • Rekrutteringsprosjekt i Stad kommune, v/ Olav Hjelle, Stad Vekst

Påmelding til: olav.hjelle@stadvekst.no eller ved sms på tlf. 91715561

Ønskjer alle vel møtt!

Frukostmøte – Nordfjordeid, onsdag den 8. oktober.

Vi inviterer til frukostmøte på Nordfjord Hotell, tysdag den 8. oktober.

Frukost frå kl. 07.30 – møte frå kl. 08.00-10.00

Agenda:

  • Næringspolitikk i Stad kommune – korleis skape vekst og utvikling, v/ ordførar Alfred Bjørlo og varaordførar Siri Sandvik
  • Presentasjon av det nye, kreative miljøet i Selje:
    • Blåmyra AS – presentasjon av nytt designstudio ved Stadhavet, v/ Sunniva Djupedal
    • Maskinen AS – krevende, internasjonal merkevarebygging – å bo på Stad, ingen hindring v/ Jon Frogner
    • Snippnet, nystarta webutviklingsbedrift, v/ Ada Elise Håberg
  • Høgare utdanning på Eid – Fjordane Virtuelle Campus. Status v/ Ove Bjørlo og Trond Haavik
  • Innovasjonsprogram v/ Geir Arne Solheim, Tinkr
  • Nytt frå Stad Vekst v/ Olav Hjelle

Påmelding til: olav.hjelle@stadvekst.no eller ved sms på tlf. 917 15 561

Velkomne!