U40

– fellesskap og påverknad for unge i næringslivet

U40 er eit nettverk for deg under 40 år som jobbar i eller med næringslivet i Stad kommune. Her får du høve til å bli kjent med andre unge, bygge nettverk, utveksle erfaringar og vere med å påverke utviklinga av regionen. Gjennom sosiale møteplassar, fagleg påfyll og engasjerande aktivitetar jobbar vi for å løfte unge stemmer og skape eit levande næringsmiljø for framtida.

Nettverket

Her har vi ei eiga side alle i nettverket har tilgang på og kan diskutere idear før dei blir offentlege!

Regionalt perspektiv

Auka arbeidskompetanse, større tilvekst, det regionale perspektivet vil at regionen som heilskap skal vere konkurransedyktig i det å tiltrekke seg jobbsøkerar, auke marknaden. Vi skal ha med oss dette perspektivet inn i u40. Vi treng at dei rundt oss også er gode om vi skal vere gode.

Lokalt perspektiv

Det lokale perspektivet: her ligg Stad Vekst, vi skal jobbe for Stad kommune i hovudsak, vi vil at denne kommuna skal hevde seg og at vi som er her skal ha minst like gode moglegheiter som dei rundt oss. Så skal vi også ha tett dialog med dei regionale organa. Fleire av dokke har heilt sikkert kollegaer frå andre kommuner, eller kanskje dokke sjølve arbeider i ei anna kommune.

Personleg perspektiv

Det er det personlege perspektivet som skal ligge til grunn for arbeidet vi gjer med Stad Vekst u40. Dei tiltaka og aktivitetane vi sett i gong skal vere på bakgrunn av meiningane til dei som er i nettverket. Difor treng vi å bli litt personlege. Dei perspektiva, erfaringane og innspela den enkelte av oss sit med er der verdien ligg. Difor kjem vi med oppfordringa: våg å ta plass. Tenk at di meining er viktigVi treng kvarandre, og det som du kan, det kan ikkje alle.

Kva er greia eigentleg?

u40 er ikkje eit nytt prosjekt. Dette har vore prøvd ut fleire andre stadar og har vore noko positivt. Samstundes som vi blir eldre legg vi frå oss nokre eigenskapar vi kanskje kan treng; å ha eit ope sinn og bli kjende med dei som er rundt oss.

I Stad, i Noreg og i verda for øvrig kan det vere lett å vere litt isolert. Kanskje går vi på den samme jobben, snakkar med dei samme folka og hamnar i ei rutine der vi ikkje like ofte er utanfor komfortsona og kanskje mistar vi litt verdiar og haldningar på vegen.

Vi treng kvarandre for å vekse,for å bli betre, for å ønske meirut av livet og for å lære meir om oss sjølve. Målet er at u40 skal bli med å løyse dette- at vi knyt oss nærare kvarandre, at vi blir klar over kvarandre og at all den kompetansen dokke sit på kan bli nytta.

Kvifor vil Stad Vekst i gong med dette?

Det er ganske openbart, men menneske er faktisk den viktigaste ressursen vi har. Vi har alle ulike erfaringar og ulik kunnskap og det mangfaldet er ei styrke.Vi treng unge stemmer inn i styrer; perspektivet De har kan hjelpe andre og meiningane og innspela De har er veldig verdifulle.

Dagens status er at Vestland under eitt slit med å tiltrekke seg relevant arbeidskompetanse, vi bur i en region med fråflytningstrender og problemet er ikkje berre å få folk til å flytte hit – men korleis kan vi behalde dei som har kome?

Ein rapport frå Vestlandsforskning viser at det er ein kortare veg for å avansere karriera i distrikta enn det er i storbyen. Kanskje er det her ei moglegheit vi kunne brukt meir? Og kanskje u40 kan vere med på å løyse disse tinga?

Alt heng saman

Det er viktig å tenke heilskapelig. No vil Stad Vekst med u40 dra i gong aktivitet, vi trur det fører til høgare engasjement, auka trivsel, at det gir tilvekst og moglegheit til å tiltrekke arbeidskompetanse, eller løyse ut den kompetansen som allereie ligg her.

Det igjen trur vi vil legge til rette for desto fleire aktivitetar og løfte lokalsamfunnet her i kommuna.