Sluttrapporten for Ringverknadsprosjektet til Stad Skipstunnel har blitt overlevert! Prosjektgruppa har vore inne i eit iherdig arbeid med kartlegging og utgreiing. Synnøve i Stad Vekst har vore prosjektleiar og samarbeidd godt med Vanylven Utvikling, Måløy Vekst og Gyger. Saman har dei no lagt fram den potensielle verdiskapinga tunnelen vil gi til næringa langs kysten. Etter at rapporten vart overlevert har det også  blitt klart at Stad Skipstunnel skal ut på anbod!