Ope møte med ekstraordinær generalforsamling

Vi har hatt møte med ekstraordinær generalforsamling! Vi har fått presentert fleire av prosjekta Stad Vekst er inne i og vist fram strategien vi har sett framover.

Det var presentasjon av Ringverknadsprosjektet som har tatt mykje av merksemda det siste året. I tillegg var det eit lite innsyn i kva som skjer i u40-nettverket og arrangementa som har blitt sett opp.

Ordførar Sigurd Reksnes møtte og presenterte arbeidet ein går inn i no i kommuna med budsjett og gjorde det klart at fokuset framover vil vere på å legge til rette for det som gir vekst og arbeidsplassar i kommuna – næringslivet.