Tur til Selje og Leikong

For eit spekter vi har i næringslivet i Stad kommune! Førre veke fekk vi moglegheita til å besøke fleire verksemder i Selje og på Leikong og fekk inspirasjon og motivasjon til å fortsette framover. Det er klart at vi må arbeide endå meir samla og aktivt bygge ned unaudige skiljer innad i næringslivet, mellom store og små bedrifter og mellom dei som er lokaliserte i indre og ytre.

Stad Vekst vil arbeide framover med å inkludere og skape møteplassar. Er vi som bur i kommuna eigentleg klar over dei moglegheitene som finns her frå før? Og er vi i tilfelle flinke nok til å støtte under kvarandre?

Ein fellesnemnar som vart trekt fram med dei vi har snakka med er kjensla av å vere etablerte i eit lokalsamfunn der ein ynskjer det beste for kvarandre. Vi vil at alle skal lukkast og vi i Stad Vekst skal gjere vårt for å sikre det.

Vi er ei langstrakt kommune som innehar en haug med kompetanse, vi må sjå på korleis næringslivet kan bli betre kjende og nytte kvarandre i felles verdiskaping for kommuna. Det er alle desse verksemdene; små og store som skapar arbeidsplassar og sikrar kvardagen til dei som bur her.

Framover skal vi setje opp temamøter med problemstillinger desse verksemdene har løfta for oss. Vår rolle vil vere å hjelpe til der vi kan og om vi ikkje kan vil vi setje bedriftene i kontakt med dei som har kompetanse til det.

Elles vil vi takke så mykje til dei vi fekk møte! Og om du har lyst på besøk frå oss ved neste anleidning send oss gjerne ei melding!

Klikk på logoane under for å lære meir om dei bedriftene vi var innom denne gongen 👇