Synnøve Aabrekk
Ringverknadsprosjektet
I september 2022 lyste kommunane Stad, Vanylven og Kinn ut eit anbod på eit forprosjekt knytt til realisering av Stad Skipstunnel. Fleire aktørar frå Vestland og Møre og Romsdal fylkeskommune har bidrege med ressursar til prosjektet.
Målet med forprosjektet er å sjå på kva verdiskaping bygging og realisering av Stad Skipstunnel kan medføre gjennom auka reisemåls-, lokalsamfunns-og næringsutvikling, samt kva meir effektive trasportaksar og auka mobilitet for innbyggjarar, næringsliv og reiseliv kan ha av betydning for ein større region langs vestlandskysten.
Forprosjektet er gjennomført av vekstselskapa i Stad, Kinn og Vanylven, og prosjektperioden har vart frå desember 2022 til august 2023. Forprosjektet har vore organisert med ei prosjektgruppe samansett av representantar frå alle vekstselskapa, samt representant frå konsulentselskapet Gyger. Stad Vekst har vore prosjektleiar for arbeidet.
Styringsgruppa for forprosjektet har vore samansett av ordførar og kommunedirektør frå dei tre kommunane, Kystverker, samt representantar frå Vestland og Møre og Romsdal fylkeskommunar. Med bakgrunn i tidlegare forstudier og planarbeid, research, spørjeundersøkingar og samlingar med brei involvering frå næringslivet, innbyggjarar og offentleg forvaltning har ein i forprosjektet søkt å illustrere på kva område den største verdiskapinga vil kome, og kva dette vil ha å seie for bulyst- nærings- og besøksattraktivitet i nærområdet til Stad Skipstunnel; her definert som Kinn, Stad og Vanylven kommunar.
I forprosjektet har ein særleg hatt fokus på to hovudområde; marin og maritim næring sjøvegen og på land, samt stad og destinasjonsutvikling i nærområdet til tunnelen. Ein har vidare peika på kva strategiske område som bør ha særleg merksemd framover både på kort og lang sikt, og kva aktivitetar som bør iverksetjast i eit framtidig hovudprosjekt.