OM STAD VEKST

Stad Vekst skal fremje næringsinteresser i nye Stad kommune. Selskapet er eigd av næringslivet og skal drive næringspolitisk verksemd og påverking, samt organisere og gjennomføre prosjekt som fremmar næringslivet sine interesser.

Det betyr at Stad Vekst skal være eit serviceorgan for næringslivet. Selskapet skal være en diskusjonspartnar for dei som vil starte næring, eller som vil vidareutvikle bedrifta si. Ei anna viktig oppgåve blir å profilere næringslivet, mellom anna gjennom heimeside og i sosiale media.

Ei anna sentral oppgåve blir å skape gode og attraktive møteplassar for næringsliv og offentleg sektor, der ein tek opp relevante og aktuelle tema, samt legge til rette for at deltakarane kan bygge gode nettverk.

Den største utfordringa til næringslivet og offentleg sektor er å skaffe relevant og framtidsretta kompetanse. Her skal Stad Vekst bidra gjennom å styrke og profesjonalisere kontakten mellom skule og næringsliv. Her vil samarbeidet med Ungt Entreprenørskap bli viktig. Stad Vekst skal også ha fokus på å marknadsføre den breidda, mangfaldet og dei moglegheiter som ein finn i bedriftene i den nye kommunen vår.

Stad Vekst skal også bidra til å bygge sterke miljø i regionen, der kompetansebygging, FOU og innovasjon står sentralt. Kontakt mot andre kompetansemiljø i inn- og utland blir avgjerande for å kunne skape et framtidsretta tilbod om vidareutdanning i regionen på fagskule og høgskulenivå. Stad Vekst skal også arbeide for gode og relevante tilbod på vidaregåande skule i eit nytt Vestlandsfylke.

Stad Vekst skal også etablere eit godt samarbeid med Stad kommune, slik at ein i fellesskap kan skape god infrastruktur og gode miljø for dei som bur og vil drive næring i kommunen.

Styret Stad Vekst

Styreleiar: Ove Kjøllesdal
Nestleiar:  Tone Beate Hoddevik Drage
Økonomiansvarleg: Sverre Solibakke
Sekretær: Stian Skårhaug
SoMe ansvarleg: Gro Janne Henden Gjerdevik
Styremedlem: Ruben Dalsbø
Varamedlemmar: Kristina Myrseth, Sigve Ronny Røkås