Stad Vekst AS er næringslivet sitt organ for langsiktig samfunns- og næringsutvikling i Stad kommune. Selskapet skal i nært samarbeid med kommunen og andre samarbeidspartnarar stimulere og legge til rette for vekst i næringslivet, samt vere ein pådrivar for a gjere kommunen ein betre stad å bu og besøke. Ein sentral del av dette arbeidet er næringspolitisk verksemd og påverking, bygging og utvikling av gode nettverk og møteplassar, og organisering og gjennomføring av prosjekt som fremmar næringslivet og samfunnet sine interesser.

Til å leie dette arbeidet søkjer vi etter

Dagleg leiar

Sentrale arbeidsoppgåver og ansvarsområde inkluderer:

  • Vere eit aktivt bindeledd mellom næringslivet og Stad kommune og andre samarbeidspartnarar
  • Vere pådrivar for næringsutvikling og arrangere møteplassar for dette, t.d. gjennom leiing av nettverksprosjekt for utvikling av ulike næringar og bu & arbeidsregion Stad
  • Vere pådrivar for ringverknadsprosjekt frå Stad skipstunnel
  • Vere pådrivar for grøn omstilling i næringslivet, inkl. miljøsertifisering
  • Bygge næringsvennleg omdømme regionalt så vel som nasjonalt
  • Bygge effektive nettverk mot verkemiddelapparatet (Fylkeskommunen, Innovasjon Norge m.a.), og andre offentlige organ og bransjeorganisasjoner
  • Styre selskapet sin økonomi

Ønska kvalifikasjonar:

  • Utdanning frå høgskule eller liknande for eksempel innan fagområda innovasjon, entreprenørskap, samfunnskunnskap eller økonomi. Lang erfaring frå ansvarsområdet kan kompensere for utdanning
  • Erfaring og resultat frå tilsvarande arbeid vil bli vektlagt
  • Erfaring frå prosjektarbeid vil være ein fordel

Personlege eigenskapar:

  • Ser moglegheiter og tek initiativ
  • Strukturert, tydeleg og løysingsorientert
  • Evne til å arbeide sjølvstendig
  • Evne til positiv relasjonsbygging og god samhandling med andre

Vi tilbyr:

  • Samarbeid med eit aktivt og innovativt næringsliv
  • Kontor i etablert næringshagemiljø, saman med mange andre spennande bedrifter
  • Konkurransedyktige vilkår

For meir informasjon om stillinga kan de ta kontakt med styreleiar Liv Koller-Borg (tel 466 81 235, epost: liv@borgundvaag.no) eller andre medlemmar av styret i Stad Vekst. Søknadsfrist er 10. juni 2022