Moai – cowork space

Etter u40-arrangementet vi hadde i november fekk vi mange gode innspel til korleis Stad Vekst kan vere med å vere ein katalysator for næringslivet, styrke lokale initiativ og bidra med den kompetansen vi representerer. Arrangementet vart heldt ved Saltnwax sine lokale på Leikong og dei som møtte opp nølte ikkje med å understreke viktigheita av ein møtestad og eit fellesskap slik som dei hadde skapt her. Sjølv om det kan vere utfordrande å drive når ein er usikker på kor ein skal få inntekta er det klart at Saltnwax ved Camilla Monsen, (no omdøypt Moai) har hjarte for dei rundt seg og samtlege av dei oppmøtte understreka kor viktig denne bedrifta var for lokalsamfunnet.

På Stadlandet, Selje og Leikong finns det mange kreative bedrifter og sjølvstendig næringsdrivande gründerar, som absolutt ville dra nytte av å kome inn i eit slikt fellesskap. Moai gjer ein moglegheit til å danne nettverk med andre i samme bransje, eller på tvers av sektorar. Fellesskapet er ein katalysator for sosiale arrangement og er med å danne grunnlag for samhald og relasjonar langt utanfor kontortidene.

Vi i Stad Vekst har eit særleg mål om å støtte gründerverksemda i kommuna. Moai representerer denne gruppa på Stadlandet og har vore ein openbar aktør for oss å spele på lag med.

Etter kick-off på Leikong søkte vi midlar til å kunne betale for 2 kontorstadar ved Moai og fekk dette innvigla.

Plassane har vore annonsert i sosiale media, og på Moai sine nettsider. No er opptaket gjort for første halvdel av 2024 og 11 personar har fått tildelt kontorstad på turnus.

Vi trur dette initiativet  frå Moai i samarbeid med Stad Vekst vil skape store rengverknader for småbedrifter på Stadlandet. I tillegg til at det gir Moai eit grunnlag å jobbe utifrå så dei kan nytte tida si på vidareutvikling av konseptet og andre prosjekt, vil kvar einskild som nyttar lokale hamne i eit sosialt nettverk og eit kontaktnettverk på tvers av bransjar.

Gjennom den fleksible ordninga Camilla Monsen har utarbeida kan kontorstaden vere med å motverke utanforskap og vere ein veg tilbake for dei som av ulike årsakar har hamna utanfor arbeidslivet.

Moai sett i sitt daglege arbeid og i arbeid med initiativet, tydelege signal om å styrke inkludering og samhald. Det er ikkje tvil om at vi arbeider i ei kommune der vi vil kvarandre vél og det er Moai eit godt døme på.

Les meir om moai og u40 her!👇