Utdanningsdag på Eid Vidaregåande

Torsdag 7.desember var endeleg tida komen for utdanningsdag på Eid vidaregåande! Stad Vekst har samarbeida med skulen for å ordne til ein utdanningsdag for tiandeklassingane i kommuna. Formålet har vore å gjere tiandeklassingane betre kjende med linjene på skulen før søknadsfristen over nyttår.

Ved å kople linjevala opp mot bedriftene i kommuna kunne elevane lære meir om korleis faga kan sjå ut i ein arbeidskvardag og kva fag eller linjer ein kan velje om ein allereie har sett seg ut eit yrke eller ei bedrift.

Vi starta dagen i kultursalen der Lovlig hadde innslag og framførte låta «Jul i Eidsgata». Til programleiarar var det elevar frå skulen som stilla opp og kunne gje innsikt i skulekvardagen som venta for dei som vil søke plass ved Eid vidaregåande. Sigurd Reksnes leia inn med å fortelje om si eiga reise fram til han tidlegare i år vart vald inn som ordførar i Stad kommune.

Foajeen var fyllt opp med standar frå mange forskjellege bedrifter og elevane fekk tid å gå mellom dei for å høyre meir. Etter ei stund fekk elevane velje seg ut ei av bedriftene og gå viare inn i klasseromma, der dei fekk høyre meir om linjene, faga og yrket som var kopla saman. Dette fekk dei gjere tre gongar i løpet av dagen, slik at ein skulle få moglegheit til å lære om så mange ein ville.

Elevane brukte tida på å stille spørsmål og prøve seg på styrkekonkurransene som Hamna og Politiet hadde sett opp. Det var tid til å ete pizza og snakke, lære og stille spørsmål. Etter rundene med bedriftene i klasseromma vart dagen oppsummert og avslutta igjen i kultursalen, med innslag frå kulturskulen. Synnøve Aabrekk og rektor Alf Reidar Myrstad takka for oppmøte og oppmoda elevane til å følgje hjertet no når dei til våren skal ta valget og søke på vidaregåande.

Vi vil gjerne også få takke så mykje til Sparebanken Sogn og Fjordane som var med å sponse dagen, det er ingen tvil om at det kom godt med og vart ein veldig kjekk dag både for bedrifter, skulen og elevar!

Klikk på logoane under for å lese meir om dei som var med denne gongen !👇