Fekk du med deg Stad Vekst u40 sitt første arrangement? 30.november hadde vi juleverkstad på Aske! Det var gløgg, julemusikk og storproduksjon av diverse julepynt. Huset var fullt og stemninga på topp.
Aske ordna med velkomstdrink til oss, og supplerte menyen med kimchi-pannekaker og glazed kylling nuggets. Vi ordna med materialer til; appelsinkalender med nellikspiker, stein-nisser, kongledekorasjoner, dørkranser og julekort. Det viste seg likevel at når kreativiteten tok overhand var det ikkje grenser for kva ein kunne få til!
Gjennom kvelden var det gode samtalar og mange stifta nye bekjentskap. Det var mange ulike mennesker som hadde tatt turen og ein såg kor enkelt det var å bli kjende over noko så enkelt som å måle julekort.