Medverknad og Eidea

Var du til stades på Inspirasjonssamling i høve Innbyggartreffet for nokre helger sidan? Om du var det fekk du nok med deg Synnøve sitt innlegg om prosjekta vi arbeider med i Stad Vekst. Hovudvekta denne dagen låg på Eidea konseptet – Her vil vi ha innspel frå innbyggarane om korleis dei kan tenkje seg sentrumsutvikling på Nordfjordeid.

Dette er ein låg terskel for medverknad og innspel til kommuna. Meiningane til den einskilde er verdifull informasjon og viktige byggeklossar inn i planprosessane dei driv med. Ofte er dei tradisjonelle formene for å engasjere innbyggarar for snevre og sikrar ikkje tilbakemelding frå alle gruppene i samfunnet. Det vonar vi Eidea kan vere eit svar på og at alle vil nytte si moglegheit til å vere med å forme korleis kommuna skal vere også i framtida.

Det har vore gjennomført ein workshop i vår der det kom fram mange gode idear – og vi vil gjerne høyre frå fleire !