- Tid: Onsdag 21. januar kl 08:00-10:00
- Stad: Kommunestyresalen, Stad Rådhus, Nordfjordeid

Bli med på eit inspirerande næringstreff der Nav Nordfjord, Nav Arbeidslivssenter, Flyktningtenesta i Stad kommune, Movia og Falck gir deg innsikt i kven folka deira er – menneske med ressursar, vilje og potensial. Korleis kan dei bli ein verdifull del av di bedrift?

Du får høyre sterke brukarstemmer med ulik bakgrunn og livsreise samt konkrete erfaringar frå bedrift som samarbeidar godt med Nav.

Vi delar også kunnskap om verktøy som kan redusere sjukefråvær og styrke arbeidsmiljøet.

Dørene opnar kl. 08:00, vi startar kl 08:15.