Ny prosjektleiar
Marte Eltvik Lien er ny prosjektleiar i Stad Vekst. Marte er opprinneleg frå Nordfjordeid, men har dei siste 17 åra vore busett i m.a. Bergen og Oslo. Marte er siviløkonom frå NHH med master i finansiell økonomi, og har i tillegg ei mastergrad i regnskap og revisjon frå BI. No kjem Marte frå stillinga som teamleiar hos Malling & Co Forvaltning. Som leiar for 15 tilsette utfører ho økonomisk forvaltning frå A til Å for eksterne selskap, hovudsakleg innanfor eigedom. Marte har eit stort hjarte for heimkommunen, og eit brennande engasjement for å bidra til ei positiv og berekraftig utvikling. Samtidig som ho kjenner kommunen relativt godt, kan ho sjå oss «utanfrå». Gjennom rolla si som statsautorisert revisor har Marte god kjennskap til mange ulike bransjar, og har ein erfaringsbakgrunn som Stad Vekst vil ha god nytte av framover i tillegg til eit breitt kontaktnett.
Styret i Stad Vekst er svært glade for at Marte takka ja til stillinga hos oss. Vi gler oss til å få Marte på plass medio juli då ho vil ta fatt med å gjere seg kjent blant aksjonærane og medlemmane våre. Vi ønskjer Marte velkommen til Stad Vekst og heim til Stad kommune!