Julebelysning i Eidsgata

Dagny Sunde

Dagny Sunde

Dagleg leiar Eid Handel

post@eidhandel.no

Snart er det atter ein gong klart for julehandel i Eid sentrum! Mørketida nærmar seg med stormskritt – det er tid for å gjere den litt ljosare saman.

For å gjere haustmørket og vinteren litt varmare og lunare skal Eid Handel no i gng med montering av ny julebelysning i Eidsgata. For å få alt på plass vil vi ha med oss fleire på laget:

Eid Handel ynskjer å invitere di bedrift, eller du som privatperson, til å vere med på spleiselaget og bidra til å dekke kostnadane knytt til montering, vedlikehald og drift av lysa i vintermånadane.

Vi håpar at fleire bedrifter og eventuelt privatpersonar ser verdien av å delta og vil vere med å skape den rette stemninga i sentrum. Kvart bidrag, stort eller lite, vil ha stor betydning.

Dersom du eller di bedrift ønsker å bidra, kan du ta kontakt med oss for meir informasjon om korleis dette kan gjennomførast.

Støtteskjema