Besøksadresse
Skreddarhuset
Øyane 11
6770 Nordfjordeid
Ove Kjøllesdal
Dagleg leiar
Tlf: 911 39 572
E-post: ove.kjollesdal@stadvekst.no
Marte Eltvik Lien
Prosjektleiar
Tlf: 402 43 338
E-post: marte.lien@stadvekst.no
Torsdag 21.mars var Stad Vekst saman med Stad kommune og Husbanken med å arrangere Bransjetreff Bustad på Nordfjordeid. Formålet med treffet var å etablere og vidareutvikle god dialog og samarbeid mellom byggjenæringa og kommunen – for å skaffe fleire bustadar og bustadar for alle. Husbanken presenterte dei økonomiske verkemidlane som står til disposisjon for å auke utbyggingstakten for både ordinære bustader til privat marknaden, ulike former for private eller kommunale utleigebustader, i tillegg til å presentere kva moglegheiter som ligg i ordningane.
For Stad Vekst var treffet viktig både som representant for næringsliv og byggebransje, men vi ser også samanheng mellom tilgang på bustadar og etableringer i forhald til rekruttering til medlemsbedriftene våre og fleire folk og meir kompetanse til regionen og kommuna. Vi treng at folk blir tatt godt i mot då dei kjem flyttande og ein trygg bustad utforma etter behov er ein grunnleggjande del av det.