Besøksadresse
Skreddarhuset
Øyane 11
6770 Nordfjordeid
Høyringsutkastet som no ligg føre har naturleg nok skapt store reaksjonar i Nordfjord. Tilbod vert flytta ut av regionen, og dette er tilbod som eit breitt næringsliv har arbeidd for å få etablert basert på behov som ein har, både no og i framtidig næringsutvikling. Dette kan vi ikkje akseptere!
Vestland fylkeskommune
Høyringsdokument; Korleis skal tilbodet i Vestland vere – vid.skular
Stad Vekst AS er vekstselskap for næringslivet i Stad kommune. Selskapet har 66 aksjonærar frå heile kommunen. Stad Vekst U40 har over 110 medlemer i aldersgruppa 20-40 år.
Selskapet sitt føremål er å fremje næringslivsinteresser i Stad kommune, samt organisere og gjennomføre prosjekt til beste for fellesskapet. Stad Vekst skal arbeide for auka bulyst, besøks- og næringsattraktivitet.
Tett samarbeid mellom næringslivet og Eid Vid. skule
Stad kommune har eit variert næringsliv innanfor fleire bransjar; marin/maritim sektor i ytre del av kommunen, reiseliv, landbruk, industri og teknologi med eit svært kompetent næringsliv innan elektro, automasjon og smart-hus tenking for å nemne nokre. Smart-hus satsinga er eit samarbeid mellom Inviro og fleire bedrifter i Stad kommune og Eid vid. skule. Dette er kunnskap som Vestland fylkeskommune treng i samband med omstillingsarbeidet inn mot grøn region Vestland.
I tillegg til eit variert næringsliv har Stad kommune med Nordfjordeid sentrum fleire sentrale tenester og tilbod innanfor helsesektoren og er i realiteten «Helsehovedstaden i Nordfjord». Eit velfungerande lokalsjukehus, Distriktspsykiatrisk senter for Nordfjord med spesialistbehandling innan psykisk helsevern og rus, interkommunal legevaktordning og Nordfjord barne- og ungdomspsykiatriske poliklinikk (BUP). Stad kommune er også vertskommune for Bufdir sitt ungdomssenter Meltunet, ein institusjon som gjev omsorgstilbod til ungdom mellom 13 og 18 år, samt Stiftinga Familiekontoret i Nordfjord. Stad kommune har også det klart største legekontoret i Nordfjord.
Næringslivet i Stad kommune har lange tradisjonar for samarbeid med den vidaregåande skulen i kommunen, og tilboda ved skulen er basert på behovet i næringslivet, ikkje berre i Stad kommune, men i heile Nordfjord. Eid vid. skule er ein stor ressurs for næringslivet, og for mange den viktigaste samarbeidspartnaren og leverandøren av kompetanse, m.a. når det gjeld lærlingar. Eid vid. skule er langt framme og topp oppdatert når det gjeld både kompetanse blant lærarar, maskinpark og det å ta i bruk ny teknologi.
Eid vidaregåande skule har også i tett samarbeid med Opera Nordfjord og Malakoff Rockfestival utvikla innovative samarbeidsformer og svært høg kompetanse innanfor kreative næringar. FBIE; Frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign leverer kvalitet på svært høgt nivå, noko som er utvikla i symbiose med profesjonelle aktørar innanfor ei stor breidde av kreative fag; teater, scenekunst, lyd, lys, kulisser for å nemne nokre. Samarbeidet er så unikt at det er lagt merke til i heile landet. Dette er den einaste lina for kreative fag i heile Nordfjord, og næringslivet i Nordfjord er avhengig å rekruttere elevar/lærlingar frå denne lina. Vi kan derfor ikkje misse dette tilbodet i Nordfjord.
Demografi
Stad kommune ligg midt i Nordfjord og har 9610 innbyggjarar. Folketalsframskriving viser at det berre er Sogndal kommune som har betre framskriving i gamle Sogn og Fjordane fylke i åra som kjem. Kommunen har ingen nedgang i perioden 2024-35 blant 16-18 år, og har nærare 100 fleire 16-18 åringar i perioden enn andre kommunar i Nordfjord.
Næringslivet i Nordfjord har i fleire år sagt at Nordfjord er ein bu- og arbeidsregion. Med færre elevar må vi også snakke om ein bu- skule- og arbeidsregion. I dette ligg det at Nordfjord, for å sikre valfridom og ei breidde i tilbodet i den vidaregåande skulen legg tilbod der flest ungdom kan nå tilbodet utan å måtte bu på hybel. Å legge smale tilbod med få søkjarar til ein utkant gjev ikkje meining og er alt anna enn berekraftig.
I den totale folketalframskrivinga (kjelde Telemarksforskning sin Regional Analyse) som er samansett av næringsstruktur, fødselsoverskot, eigen vekst, Ukrainarar og bustadattraktivitet kjem Stad kommune best ut av alle Nordfjordkommunane. Stad Vekst meiner dette er vesentleg informasjon og bør vege tungt når tilbod skal fordelast.
Slik næringslivet i Stad kommune er samansett er det stort behov for å rekruttere arbeidskraft i framtida særleg innanfor helsesektoren.
Tilbod ved dei vidaregåande skulane
Høyringsutkastet legg opp til at ein i perioden tek ned tal plassar ved dei vidaregåande skulane i Nordfjord med 144. Stad Vekst meiner det må leggjast til rette for ein framtidsretta og berekraftig tilbodsstruktur på alle dei vidaregåande skulane i Nordfjord. Studiespesialisering er ønska på alle dei vidaregåande skulane i Nordfjord, og skal ein få dette til å fungere må ein sjå på samansetning mellom studiespesialiserande utdanningsprogram og 3- og 4-årige studiekompetanseprogram. For Eid vidaregåande skule, som i dag ikkje har studiekompetanse-program, er ein derfor nøydd til å ha to parallellar på studiespesialisering for at skulen skal kunne tilby full programbreidde.
I dag er status ved dei ulike skulane slik:
Eid vid. skule | Stryn vid. skule | Firda vid. skule | Måløy vid. skule | |
Tal plassar | 320 | 308 | 345 | 377 |
Tal elevar 2023/24 | 296 | 248 | 257 | 312 |
Differanse mellom plassar og faktisk tal elevar | 24 | 60 | 88 | 65 |
Høyringsutkast | 330 | 300 | 300 | 300 |
Koplinga mellom studiespesialiserande, helsefag/studieførebuande helsefag og teknologi- og elektrofag er avgjerande for å handtere framtidas velferdsutfordringar. Eid vid. skule er ein viktig samarbeids- og utviklingspart for elektro- og automasjonsmiljøet i heile Stad kommune.
Oppsummert:
Nordfjordeid, 15.5.24
Ove Kjøllesdal Synnøve Elisabeth Aabrekk
Styreleiar Stad Vekst Dagleg leiar Stad Vekst