Kven er Stad Vekst?

Stad Vekst AS er eit næringsselskap eigd av Stad kommune og det lokale næringslivet. Vi er ein uavhengig, ikkje-kommersiell aktør som jobbar for betre rammevilkår og utviklingsmoglegheiter for små og store verksemder i heile kommunen. Vi jobbar strategisk og praktisk – og vi lyttar til næringa.

Visjon

Eit sterkt og mangfaldig næringsliv i heile Stad.

Kva er Stad Vekst?

Stad Vekst er næringslivet si eiga utviklingskraft i nye Stad kommune. Vi er eit samarbeid mellom private aktørar og Stad kommune, med eitt mål: Å gjere det enklare å starte, utvikle og drive næring i regionen. Stad Vekst skal vere ein motor for næringsutvikling – eit serviceorgan som samlar, støttar og påverkar på vegner av næringslivet.

Gjennom strategisk næringspolitisk arbeid, prosjektutvikling og nettverksbygging skal vi bidra til vekst, samarbeid og framtidsretta utvikling i heile kommunen.

Vår rolle

1. Rådgivar og samarbeidspartnar
Vi er tilgjengelege for dei som vil starte bedrift, og for dei som vil utvikle den dei allereie har. Vi tilbyr råd, sparring og støtte – og koplar deg gjerne med dei rette aktørane.

2. Pådrivar og påverkar
Vi jobbar for at næringslivet sine behov blir høyrde – både lokalt, regionalt og nasjonalt. Vi gir innspel til politikk, strategiar og planar som påverkar utviklinga i vår kommune.

3. Arrangør og møteplassbygger
Vi skaper relevante møteplassar der næringsliv og offentlege aktørar møtast for å dele kunnskap, diskutere utfordringar og bygge sterke relasjonar.

4. Formidlar og profilbyggjar
Vi løftar fram mangfaldet og moglegheitene i det lokale næringslivet – både digitalt og gjennom arrangement og kampanjar. Vi fortel historia om alt det spennande som skjer i Stad.

Kompetanse og rekruttering

Ein av dei største utfordringane for både næringsliv og offentleg sektor er å skaffe framtidsretta kompetanse. Her tek Stad Vekst ein aktiv rolle – gjennom tett samarbeid med skular, bedrifter og organisasjonar som Ungt Entreprenørskap.

Vi jobbar for å:

  • Knyte skule og næringsliv tettare saman
  • Profilere lokale bedrifter som attraktive arbeidsplassar
  • Styrke vidaregåande utdanningstilbod i regionen
  • Legge til rette for vidareutdanning på fagskule- og høgskulenivå
  • Utvikle sterke og innovative fagmiljø

Vi bygg framtida saman

Stad Vekst skal vere med å forme eit berekraftig, framtidsretta og inkluderande næringsliv. Vi skal bidra til å skape ein kommune der det er godt å bu, arbeide og satse – og der det finst grobotn for vekst i både små og store verksemder.

Dette gjer vi i tett samarbeid med Stad kommune, næringslivet og utdanningsmiljø – og med blikket retta mot heile regionen og verda rundt oss.

Ove Kjøllesdal

Dagleg leiar

Ove Kjøllesdal er ein lokal pådrivar for næringslivet og gründerar – både lokalt, regionalt og etter kvart nasjonalt. Han har vore tilsett i Eid Elektro i 40 år, derav 35 år som dagleg leiar og dei siste 5 åra som administrasjonsleiar og styreleiar. Selskapet vart stifta i 1980, og han byrja i 1985, den gong med ti tilsette. Med stor innsats har selskapet vakse til over hundre tilsette og er i dag svært viktig for lokalsamfunnet – både i kommunen, i regionen og nasjonalt.

Ove har i tillegg vore engasjert i fleire lokale selskap og gründerinitiativ, og han er ein verdifull ressurs for samfunnet elles. No har han valt å gje seg i Eid Elektro, og Stad Vekst er glade for at Ove har takka ja til utfordringa med å bli dagleg leiar. Samstundes ønskjer han å engasjere seg endå sterkare i det lokale næringslivet og bidra til å hjelpe gründerar – noko han brenn for.

Marte Eltvik Lien

Prosjektleiar

Marte er opprinneleg frå Nordfjordeid, men har dei siste 17 åra vore busett i m.a. Bergen og Oslo. Marte er siviløkonom frå NHH med master i finansiell økonomi, og har i tillegg ei mastergrad i regnskap og revisjon frå BI. No kjem Marte frå stillinga som teamleiar hos Malling & Co Forvaltning. Som leiar for 15 tilsette utfører ho økonomisk forvaltning frå A til Å for eksterne selskap, hovudsakleg innanfor eigedom. Marte har eit stort hjarte for heimkommunen, og eit brennande engasjement for å bidra til ei positiv og berekraftig utvikling. Samtidig som ho kjenner kommunen relativt godt, kan ho sjå oss «utanfrå». Gjennom rolla si som statsautorisert revisor har Marte god kjennskap til mange ulike bransjar, og har ein erfaringsbakgrunn som Stad Vekst vil ha god nytte av framover i tillegg til eit breitt kontaktnett.

Styret

Tone Beate Hoddevik Drage

Nestleiar

Ellen De Wilde

Styremedlem

Sigve Ronny Røkås

Varamedlem

Gro Janne Henden Gjerdevik

Styremedlem

Stian Skårhaug

Styremedlem

Liv Ingrid Koller-Borg

Styremedlem

Geir Årvik

Styremedlem