Bli med i fellesskapet

Som medlem i Stad Vekst får du:

  • Ein tydeleg stemme i næringspolitikken
  • Tilgang til arrangement og møteplassar
  • Påverknad på prosjekt og utvikling
  • Eit nettverk av lokale aktørar

Kven kan bli medlem?

Alle verksemder, lag og organisasjonar med interesse for næringsutvikling i Stad.

Fordelar

Møteplassar, kurs og konferansar

Medlemsmøtene gir moglegheit for nettverksbygging og fagleg innhald. Bedrifta kan møte på dei ulike møteplassane i Stad Vekst; næringspub, morgenkaffe og ulike temamøter. Bedrifta har også gjennom sitt medlemskap høve til å delta på arrangement, kurs og konferansar der Stad Vekst er anten arrangør eller medarrangør.

Næringslivet sitt interesseorgan

Stad Vekst skal fremje dei økonomiske og politiske interessene som medlemmene våre har. Som medlem i Stad Vekst har du ein arena der du kan løfte fram saker som er viktige for di bedrift. Vi tek sakene vidare og arbeider for å finne gode løysingar og legg til rette for dialog. Som medlem i Stad Vekst har bedrifta og moglegheit for å påvirke strategiar og handlingsplanar til Stad Vekst gjennom medlemsmøter og i medlemsundersøkingar.

Næringspolitikk

Stad Vekst skal løfte fram dei sakene som opptek næringslivet. Vi har faste dialogmøter med administrasjonen i kommunen og har kommunikasjonskanaler inn til Fylkeskommune og Stortingsbenk. Vi nyttar våre forum til å kjempe for at næringslivet skal bli høyrde og legg til ei vesentlig tyngde i diskusjonen.

Marnadsføring av næringslivet i kommuna

Stad Vekst vil fremje våre medlemer og arbeide for at Stad kommune blir marknadsført i høve både næringsetableringar og rekruttering. Stad Vekst skal arbeide aktivt for at kommunen blir ei attraktiv kommune å besøke, å drive næring i og å bu i. Om di bedrift har arrangement, kurs eller anna, deler vi det gjerne i kalenderen på nettsida vår og i våre SoMe kanalar.

Kurs og konferansar

Stad Vekst skal initiere arrangement som gagnar næringslivet i kommuna. Vi arbeider for å skape møteplassar og arena mellom våre aksjonærar og andre interessentar. Vi vil også nytte kurs og konferansar til å auke kompetansen i bedriftene til å vere betre rusta til moderne problem, men også inspirere til å vere ambisiøse og legge til rette for vekst.

Diskusjonspartner for gründerar

Som medlem i Stad Vekst har du høve til å bruke vekstselskapet som ein diskusjonspartner i alle typar saker og der Stad Vekst sjølve, eller gjennom vårt nettverk har rett kompetanse. Det kan t.d. vere knytt til oppstart av bedrift, prosjekt- og produktutvikling, marknadsføring eller hjelp til finansiering.

Kva kostar det?

Styret har utarbeida ein årleg medlems-sats med utgangspunkt i omsetning til bedriftene.

0-3 mill. kr i omsetningkr. 2 000 i marknadsbidrag
3,1-7 mill. kr i omsetningkr. 5 000 i marknadsbidrag
7,1-12 mill. kr i omsetningkr. 8 000 i marknadsbidrag
12,1-25 mill. kr i omsetningkr. 10 000 i marknadsbidrag
25,1-50 mill. kr i omsetningkr. 15 000 i marknadsbidrag
over 50 mill. kr i omsetningkr. 20 000 i marknadsbidrag

*Årleg sats

Invitasjon til medlemskap i Stad Vekst

Stad Vekst skal fremje næringsinteresser i Stad kommune. Selskapet er eigd av næringslivet og skal drive næringspolitisk verksemd og påverknad, samt organisere og gjennomføre prosjekt som fremjar næringslivet sine interesser.

Det betyr at Stad Vekst skal vere eit  serviceorgan for næringslivet. Selskapet skal vere ein diskusjonspartnar for dei som vil starte næring, eller som vil vidareutvikle bedrifta si. Ei anna viktig oppgåve blir å profilere næringsliver, mellom anna gjennom heimeside og i sosiale media. Stad Vekst vil arbeide for å skape gode og attraktive møteplassar for næringsliv og offentleg sektor, der ein tek opp relevante og aktuelle tema, samt legge til rette for at deltakarane kan bygge gode nettverk.

Ei av dei store utfordringane til næringsliv og offentleg sektor er å skaffe relevant og framtidsretta kompetanse. Her vil Stad Vekst arbeide saman med andre aktørar for å nå målsetjinga vår om å bidra til viktige og relevante utdanningstilbod på vidaregåande skuletrinn, samt ha god dialog med FoU-miljø og moglegheiter for desentralisert høgare utdanning.

Stad Vekst skal også etablere eit godt samarbeid med Stad kommune slik at ein i fellesskap kan skape god infrastruktur og gode miljø for dei som bur og vil drive næring i kommuna.

Nærings-undersøking

I ei spørjeundersøking til aksjonærar kom det fram fleire tema og tiltak som de som våre eigarar meiner er viktig for Stad Vekst å prioritere, og styret legg opp til å følgje dei innspela som de har gitt oss:

Om satsane

Ei viktig oppgåve og målsetjing er å prioritere saker som næringslivet meiner er viktige, samtidig som vi styrker økonomien i selskapet. Det må vi om vi skal vere den ressursen for næringslivet som de som våre aksjonærar, og som styret har klare og tydelege mål om.

Styret har difor utarbeida ein årleg medlems-sats basert på omsetning. Satsane, som vi kallar årleg marknadsbidrag, er basert på forrige års omsetning.

Det skal løne seg å vere medlem i Stad Vekst

Styret i Stad Vekst er tydelege på at det skal løne seg å vere medlem i vekstselskapet, og som medlem får de:

  • Delta på frukostmøter
  • Delta på medlemsmøter
  • Diskusjonspartner for gründerar
  • Næringslivet sitt interesseorgan der de som medlemer kan fremje dykkar interesser
  • Ivareta næringslivet sine interesser med referanse til næringspolitikken i kommuna, fylkeskommuna og i andre fora
  • Marknadsføring av næringslivet i kommuna
  • Reduserte prisar på kurs i regi av vekstselskapet
  • Medlemsrabatt på konferansar i regi av vekstselskapet
  • Tilgang til profilmateriale

Godt i gang med arbeidet

Stad Vekst er allereie godt i gang med arbeidet. Hittil har selskapet:

  • Arbeidd mykje med saka om mogleg innføring av skatt på næringseigedom
  • Deltaking i oppgåveutval for utvikling av strategi for Nordfjordeid sentrum
  • Prosjektleiar for ringverknadsprosjekt knytt til Stad Skipstunnel
  • Arrangert ope møte om planarbeid i Stad kommune
  • Tatt initiativ til utarbeiding av leverandørliste til kystverket sin leverandørkonferanse
  • Delteke på møte med stortingsbenken Sogn og Fjordane
  • Medarrangør for frokostmøte for Stad Skipshotell 14.mars på Hotel Bristol, Oslo
  • Gjennomført bedriftsbesøk
  • Tatt initiativ til og gjennomført lansering og kick-off til Eidea-konseptet
  • Sett i gong u40-nettverk
  • Sett i gong Sats i Stad, eige arbeid med gründerverksemd
  • Arbeidd for å sikre vidaregåande skuletilbod i Stad kommune -utdanningsdag
  • Marknadsføre ledige lokaler til leige på vegne av næringslivet
  • Tatt initiativ til næringspub siste torsdag i kvar mnd
  • Hatt temamøte: kunstig intelligens og berekraft
  • Delteke i prosjekt saman med Stad kommune

Stad Vekst har no god fart og framdrift, og for å kunne arbeide enno betre for eit breidt nærngsliv treng vi dykkar bedrift med på laget. Er det spørsmål kan de berre ta kontakt!