Jobb i Stad

Stad kommune er i vekst – og vi treng folk som vil vere med og forme framtida! Her finn du eit mangfald av spennande jobbar innan alt frå industri og teknologi til reiseliv, helse og offentleg forvaltning. Enten du bur her allereie, vurderer å flytte heim, eller drøymer om eit liv nærare naturen – Stad byr på ekte moglegheiter, eit inkluderande lokalsamfunn og ein livsstil med høg kvalitet og lågt stressnivå.

Vi oppmodar deg til å sjå etter stillingar på Finn.no og Arbeidsplassen.no, der du finn mange relevante jobbar i vår region.

Heia Nordfjord

Visste du at du kan bli med i Heia Nordfjord, nettverket til Nordfjordkompaniet? Heia Nordfjord er eit tilbod for deg som ønskjer å halde kontakten med Nordfjord – sjølv om du ikkje bur her akkurat no. Som medlem får du oppdateringar om det som skjer i næringslivet, invitasjonar til arrangement og tips om jobb- og utviklingsmoglegheiter i regionen.

Gjennom møteplassar, program og historier frå andre i nettverket får du både sosial og profesjonell støtte – og sjansen til å bidra tilbake til heimbygda, regionen og fellesskapet. Meld deg inn i Heia Nordfjord og hald dører opne – framtida i Nordfjord ventar kanskje på deg!