Spørjeundersøking
Korleis opplever du Stad kommune som tilretteleggjar for næringsutvikling?
For å kunne ta strategiske vegval, møte utfordringane og utnytte potensialet som næringslivet har, skal Stad kommune oppdatere reiselivs- og næringslivsstrategien frå 2019 til ein ny temaplan. Spørjeskjemaet er ein del av kartlegginga av no-situasjonen som inngår i det vidare planarbeidet.
Spørjeskjemaet bygger på kunnskap frå Innovasjon Norge og Distriktssenteret om kva som kjenneteiknar distriktskommunar som lykkast godt med å leggje til rette for og stimulere til næringsutvikling, og vi ynskjer å høyre om dine erfaringar og synspunkt for å utvikle mål og strategiar for næringslivet i kommunen.
Det tek om lag 10 minutt å svare. Bruk gjerne høvet til å gi utfyllande svar på dei opne spørsmåla.
Spørjeundersøkinga finn du her.
Svarfrist: 1. april 2026
Takk for at du bidreg – dine svar er viktige for det vidare arbeidet med å styrkje nærings- og reiselivet i Stad kommune.


