Kreativ verkstad om destinasjonsutvikling i Stad
Onsdag 25. februar kjem Simen Staalnacke til Stad kommune for å halde arbeidsverkstad om utvikling av Stad som destinasjon.
Verkstaden er ein del av eit felles utviklingsarbeid i regi av Visit Nordfjord, der målet er å styrkje og vidareutvikle kvar av kommunane som attraktive reisemål i Nordfjord-regionen.
Kunnskapen og innspela frå verkstaden blir også ein del av grunnlaget for ein revidert strategi og temaplan for næring og reiseliv i Stad kommune. Denne skal peike ut retninga for den vidare utviklinga dei komande åra.
Som del av prosessen med planen blir det no også gjennomført ei kartlegging av no-situasjonen, for å få eit klart bilete av status, roller, rutinar og moglege forbetringsområde. To spørjeundersøkingar blir sendt ut – éi retta mot næringslivet og éi mot politikarar og kommuneadministrasjonen. Undersøkingane blir deretter følgde opp med intervju.
Meld deg på her.


