Spleis for Ukraina
Gi ditt bidrag til aggregat
Ukraina står i ein prekær situasjon etter gjentekne russiske angrep på kritisk infrastruktur. Øydeleggingane rammar lokalbefolkinga hardt i ein periode der temperaturane fleire stader fell ned mot 20 minusgrader. I lys av den akutte energisituasjonen har myndigheitene i Ukraina bedt om bistand til å skaffe aggregat.
Vi i Stad Vekst har difor oppretta ein Spleis for innkjøp av aggregat, og vi vil oppmode alle som har mogelegheit til å donere eit valfritt beløp. Direktoratet for samfunnsikkerhet og beredskap vil dekke kostnaden for transport av aggregat til Ukraina.



