Generalforsamling og nytt styremedlem

Synnøve Elisabeth Aabrekk

Synnøve Elisabeth Aabrekk

Dagleg leiar

Generalforsamling 2024 vart arrangert på Stad Hotell 7. mai. Før formell generalforsamling vart det gjennomført medlemsmøte med informasjon om status på saker som Stad Vekst arbeider med samt framdrifta for Stad Skipstunnel v/Sveinung Nedregotten, Kystverket. Ordførar Sigurd Reksnes orienterte også om gjeldande saker i Stad kommune.

Det vart endring i styret i Stad Vekst då styremedlem Sverre Solibakke gjekk ut av styret. Sverre har mange jern i elden og slit med å få tida til å strekke til. Sverre har gjort ein god innsats i styret gjennom fleire år, og vi vil takke han stort for arbeidet han har lagt ned til beste for Stad Vekst.

Nytt styremedlem er Ellen de Wild frå Bryggja. Vi gler oss til å få Ellen med oss i styret, og er svært glade for at ho takka ja til å delta!

Nytt styre i Stad Vekst er:

Ove Kjøllesdal, styreleiar

Tone Beate Drage, nestleiar

Gro Henden Gjerdevik, styremedlem

Stian Skårhaug, styremedlem

Geir Årvik, styremedlem

Liv Koller-Borg, styremedlem

Ellen de Wild, styremedlem

Sigve-Ronny Røkås, varamedlem