Verdiskapingsprosjektet

Synnøve Elisabeth Aabrekk

Synnøve Elisabeth Aabrekk

Dagleg leiar

Søknad om forprosjekt til Riksantikvaren

Hovudprosjekt:

Over ein 3-års periode skal vi leggje til rette for samhandling mellom lokalbefolkning og næringsliv på Stadlandet, god forvaltning av kulturminne og kulturlandskap, verdiskaping og lokal samfunnsutvikling. Verdiskapingsprosjektet skal byggje bru mellom kunnskapsgrunnlag, lokalbefolkning og næringsliv, vern og bruk, og utvikling og etablering av opplevingar og produkt med utgangspunkt i dei unike kultur- og landskapsverdiane på Stadhalvøya


Forprosjektmål:

Mål:

Forprosjektet skal leggje grunnlaget til eit 3-årig hovudprosjekt. Forprosjektet skal identifisere, konkretisere, avklare og avgrense satsingsområda i hovudprosjektet.samtidig som det vert sett ein tydeleg visjon, delmål og målgrupper for hovudprosjektet.

Delmål:

Forankring, konsensus og kunnskapsdeling: Sikre kunnskapsdeling og erfaringsutveksling. Brei involvering frå lokalbefolkning, kultur- og landskapsforvaltning, næringsliv og kommune. Prosjektet skal støtte opp om og bidra inn i bevaringsstrategien for kystens kulturmiljø, som blir satsingsområde i 2025.

I over 4000 år har det vore busetnad på Stadhalvøya. Rikdomen i havet, sentral plassering langs skipsleia, havstraumar og kulturelle straumar har skapt eit unikt område der ein raskt har fanga opp nye impulsar og tilpassa seg det særeigne eksistensgrunnlaget ytst mot Stadhavet.

Gjennom nasjonalt viktige kulturmiljø, kulturlandskap og nyare arkeologiske funn, gir Stadhalvøya oss kunnskap om viktige historiske epokar og endringsprosessar i Noreg.

Ytre Stad er i dag eit område prega av fråflytting og nedbygging av tenester. Samtidig er det aukande interesse og stort potensiale innan reiselivsnæringa. Denne krev gode strategiske grep knytt til både forvaltning, formidling og verdiskaping.
Stad Skipstunnel skal ut på anbod i august 2024, og ha oppstart i løpet av 2025. Ein har allereie no registrert ei stor auka interesse for området; av næringsdrivande, investorar og besøkande. Samtidig ser ein ei sterkt aukande interesse for Selja og Stadlandet frå reiselivnæringa, mellom anna frå cruisenæringa i Nordfjord, som for tida er den raskast veksande cruisedestinasjonen i Noreg. 

Stadlandet er i liten grad tilrettelagt for masseturisme og har verken ein infrastruktur, vegstandard eller eit mottaksapparat som er rusta for å ta imot denne veksten i dag. Samtidig er dette eit område som dei siste åra har vore prega av nedgang i folketal og nedbygging av tenester og ein ser moglegheiter for nyetableringar og utvikling i området som både tek omsyn til dei sårbare kulturmiljøa og landskapet, og sørgjer for at ein får henta ut det potensialet som ligg i området i forholdt til besøk.
Tidspunktet for å initiere eit større verdiskapingsprosjekt i dette området kan derfor ikkje høve betre, og vil gje prosjektet aktualitet, viktig kunnskap undervegs og ikkje minst bidra til ei berekraftig distriktsutvikling. Vi treng å vere i forkant av dei utviklingsprosessane vi ser rundt oss og det hastar med å kome i gang.

Verdiskapingsprosjektet har fått arbeidstittelen «Stad i 4000 år».Etter at Riksantikvaren i samarbeid med Universitetsmuseet i Bergen gjorde dei sensasjonelle funna av 4000 år gammal fast busetnad på Seljesanden i Stad kommune, har Stadhalvøya no registrerte kulturminne og kulturminnefunn frå alle tidsalderane; steinalder, bronsealder, jernalder, vikingtid og mellomalder. Dette er i både nasjonal og global målestokk sjeldan, og ein stor suksessfaktor i dette prosjektet. Gjennom bevarte kulturmiljø og kulturlandskap med stort tidsdjup kan Stadhalvøya gi eit unikt innblikk i to sentrale paradigmeskifte i norsk historie; -overgangen frå jegar-og sankarsamfunn til jordbrukssamfunn for rundt 4000 år sidan og religionskiftet frå norrøn åsatru til kristendom for rundt 1000 år sidan, der heilagdomane på Selja spelte ei sentral rolle.

I mange tiår har ein undra seg over og spunne tankar omkring det mystiske og delvis ukjende livet på klosterøya Selja ved Stadhavet. Helgenøya, som verna om den irske kongsdottera St.Sunniva, som etter segna fann tilflukt i grotta på øya og som seinare fekk helgenstatus og vart vår første og einaste kvinnelege helgen i 996, har vore ei kjelde til myter og historieforteljing blant både innbyggjarar og besøkande.

Eitt av landets tre første bispesete vart lagt til Selja rundt 1070, og engelske benediktinarmunkar etablerte eit kloster her alt på 1000-talet. Det finst lite tilgjengeleg materiale om korleis klosteret såg ut, men ved hjelp av forsking og undersøkingar initiert av riksantikvar, fylkeskommune og kommune har ein dei siste åra fått svar på nokre av spørsmåla og ny kunnskap fyller stadig ut biletet. Riksantikvaren og seinare fylkeskommunen har i samarbeid med Stad kommune lagt ned store ressursar i kvit og grøn skjøtsel, slik at anlegget i dag framstår som godt ivaretatt. Dette er eit kontinuerleg og langsiktig arbeid som dannar grunnlag for- og må sette rammene for all formidling og bruk av området.

Både vikingtid, kristning og reformasjonen har sett sine spor her. Det var hit Olav Haraldson, seinare den Heilage, først steig i land då han kom tilbake frå England for å krevje kongemakta og fullføre kristningsprosessen – truleg fordi Selja alt då var etablert som eit kjend pilegrimsmål og religiøst maktsentrum. Klosteret på Selje hadde si storheitstid mellom 1100 og 1300-talet, og vart overlate til forfall og naturkreftene etter reformasjonen. Men framleis vitnar dei mektige klosterruinane og hengeanlegget om den sentrale plassen øya har hatt i tidlegare tider.

Landskapet i ytre av Stad framstår som dramatisk og eksotisk, mange meiner det minner meir om øyene i Vesterhavet, der det historisk har vore tett kontakt. Langskapet med kystlynghei forma gjennom lyngbrenning og beiting gjennom fleire tusen år, terrengdekkande torvmyrer med uttak av havstykke, har sett sitt preg på livet her, på identitet, verdiar og atmosfære.