Næringspub!

Eit uformelt networkingmøte

Linn-Kristin

Linn-Kristin

Rådgjevar

I 2024 har Næringspuben fått ny drakt og nytt innhald. Vi arbeider med at aktivitetane vi set i gong skal resonnere med behova i næringslivet og éi av dei tinga vi har arbeidd med har vore næringspuben.

For å slå to fluger i éin smekk har vi rullering på lokalet. Det gjer at vi får prøvd ut fleire av utestadane i kommunen, og vi har som mål å vere innom alle. Vi starta i januar med Aske burgerbar og har vore vidare innom Bankkjellaren, Nordfjord Hotell og tok ei sesongavslutning på Skjærhalden med tur til Davik Fjordparadis.

Eit av dei nye tiltaka er at vi skal ha eit tema for pubkvelden – det kan t.d. vere introduksjon av eit nytt tilbod der vi er, ein diskusjon om ei sak som er viktig for næringslivet, eller berre ei god historie.Næringspuben skal vere ein uformell arena og eit lågterskel tilbod der vi kan møtast i ein sosial og hyggeleg atmosfære.

I mars var den nye hotellsjefen ved Nordfjord Hotell i ilden og løfta fram behovet for samarbeid om å gje tilreisande ei heilskapleg og god oppleving av Nordfjord og Stad kommune.

Vi satsar på å starte sterkt igjen i august med sommarfeststemning, invitasjonen kjem på e-post og i sosiale medier!