Kven er Stad Vekst?
Stad Vekst AS er eit næringsselskap eigd av det lokale næringslivet. Vi er ein uavhengig, ikkje-kommersiell aktør som jobbar for betre rammevilkår og utviklingsmoglegheiter for små og store verksemder i heile kommunen. Vi jobbar strategisk og praktisk – og vi lyttar til næringa.
Visjon
Eit sterkt og mangfaldig næringsliv i heile Stad.
Kva er Stad Vekst?
Stad Vekst er næringslivet si eiga utviklingskraft i nye Stad kommune. Vi er eit samarbeid mellom private aktørar og Stad kommune, med eitt mål: Å gjere det enklare å starte, utvikle og drive næring i regionen. Stad Vekst skal vere ein motor for næringsutvikling – eit serviceorgan som samlar, støttar og påverkar på vegner av næringslivet.
Gjennom strategisk næringspolitisk arbeid, prosjektutvikling og nettverksbygging skal vi bidra til vekst, samarbeid og framtidsretta utvikling i heile kommunen.
Vår rolle
1. Rådgivar og samarbeidspartnar
Vi er tilgjengelege for dei som vil starte bedrift, og for dei som vil utvikle den dei allereie har. Vi tilbyr råd, sparring og støtte – og koplar deg gjerne med dei rette aktørane.
2. Pådrivar og påverkar
Vi jobbar for at næringslivet sine behov blir høyrde – både lokalt, regionalt og nasjonalt. Vi gir innspel til politikk, strategiar og planar som påverkar utviklinga i vår kommune.
3. Arrangør og møteplassbygger
Vi skaper relevante møteplassar der næringsliv og offentlege aktørar møtast for å dele kunnskap, diskutere utfordringar og bygge sterke relasjonar.
4. Formidlar og profilbyggjar
Vi løftar fram mangfaldet og moglegheitene i det lokale næringslivet – både digitalt og gjennom arrangement og kampanjar. Vi fortel historia om alt det spennande som skjer i Stad.
Kompetanse og rekruttering
Ein av dei største utfordringane for både næringsliv og offentleg sektor er å skaffe framtidsretta kompetanse. Her tek Stad Vekst ein aktiv rolle – gjennom tett samarbeid med skular, bedrifter og organisasjonar som Ungt Entreprenørskap.
Vi jobbar for å:
Knyte skule og næringsliv tettare saman
Profilere lokale bedrifter som attraktive arbeidsplassar
Styrke vidaregåande utdanningstilbod i regionen
Legge til rette for vidareutdanning på fagskule- og høgskulenivå
Utvikle sterke og innovative fagmiljø
Vi bygg framtida saman
Stad Vekst skal vere med å forme eit berekraftig, framtidsretta og inkluderande næringsliv. Vi skal bidra til å skape ein kommune der det er godt å bu, arbeide og satse – og der det finst grobotn for vekst i både små og store verksemder.
Dette gjer vi i tett samarbeid med Stad kommune, næringslivet og utdanningsmiljø – og med blikket retta mot heile regionen og verda rundt oss.
Ove Kjøllesdal
Dagleg leiar
Ove Kjøllesdal er ein lokal pådrivar for næringslivet og gründerar – både lokalt, regionalt og etter kvart nasjonalt. Han har vore tilsett i Eid Elektro i 40 år, derav 35 år som dagleg leiar og dei siste 5 åra som administrasjonsleiar og styreleiar. Selskapet vart stifta i 1980, og han byrja i 1985, den gong med ti tilsette. Med stor innsats har selskapet vakse til over hundre tilsette og er i dag svært viktig for lokalsamfunnet – både i kommunen, i regionen og nasjonalt.
Ove har i tillegg vore engasjert i fleire lokale selskap og gründerinitiativ, og han er ein verdifull ressurs for samfunnet elles. No har han valt å gje seg i Eid Elektro, og Stad Vekst er glade for at Ove har takka ja til utfordringa med å bli dagleg leiar. Samstundes ønskjer han å engasjere seg endå sterkare i det lokale næringslivet og bidra til å hjelpe gründerar – noko han brenn for.
Styret
Geir Årvik
Styreleiar
Tone Beate Hoddevik Drage
Nestleiar
Gro Janne Henden Gjerdevik
Styremedlem
Stian Skårhaug
Styremedlem
Liv Ingrid Koller-Borg
Styremedlem
Synnøve Aabrekk
Styremedlem
Sigve Ronny Røkås
Varamedlem