Interessa for å bli leverandør til Stad skipstunnel er stor. 140 verksemder var påmelde då AF Gruppen og Stad Vekst, i samarbeid med Kystverket og Stad kommune, inviterte til leverandørdag i Selje samfunnshus 11. november.
Oppmøtet var langt større enn nokon hadde rekna med på førehand. For å få plass til flest mogleg bedrifter måtte arrangørane avgrense til éin deltakar for verksemder med færre enn 20 tilsette. Likevel vart samfunnshuset fylt med deltakarar frå heile regionen, på begge sider av Stad og fylkesgrensa.
Målet med dagen var å gi næringslivet innsikt i kva AF Gruppen skal kjøpe inn i åra framover, korleis innkjøpa går føre seg og kva krav som blir stilte til leverandørane. Like viktig var det å leggje til rette for direkte dialog mellom bedriftene og dei som skal kjøpe inn.
Eit langsiktig prosjekt
Sveinung Nedregotten frå Kystverket opna med prosjektet sett frå byggherren. Deretter fortalde prosjektleiar Erik Frogner i AF Gruppen om framdrifta og kva som skjer dei ulike åra fram mot opninga.
Frogner var tydeleg på at ikkje alle vil få oppdrag. Samtidig er Stad skipstunnel eit langt prosjekt, der nye moglegheiter vil opne seg undervegs. Det gjeld også hos andre samarbeidspartnarar AF Gruppen knyter til seg, og som igjen vil trenge varer og tenester.
Krav, innkjøp og behov
Lars Petter Holen gjekk gjennom HMS-arbeidet i AF Anlegg og krava AF stiller til leverandørane sine. Innkjøpsleiar Øystein Felumb fortalde om innkjøpsprosessane og innkjøpsmetodane i AF, og om kva fag selskapet har behov for å kjøpe i prosjektet.
Korleis kome i posisjon
Øystein Nes, dagleg leiar i Inviro, avslutta programmet med kompetanse og leverandørutvikling. Han peika på fem område bedriftene bør førebu seg på: dokumentasjon, kompetanse, kapasitet, kontrakt og endringar, og miljø og leverandørerklæring. Nes viste også korleis samarbeid mellom bedrifter kan gjere fleire i stand til å levere på større oppdrag, innanfor tydelege spelereglar. Inviro vil setje opp kurs dersom interessa er stor nok, mellom anna i kontraktsstandardane NS 8415 og NS 8417 og i tilbodsarbeid og kalkyle.
Dagen enda med lunsj og minimesse, der AF Gruppen var til stades med fleire representantar. Mange nytta høvet til å presentere seg og stille spørsmål direkte.
Leverandørdatabase om kort tid
Leverandørdagen er eitt av fleire tiltak i ringverknadsarbeidet som Stad Vekst koordinerer. Om kort tid lanserer vi ei nettside med ein leverandørdatabase, som skal gi ei samla oversikt over leverandørar i regionen. Alle som var påmelde til leverandørdagen, får invitasjon til å registrere seg der.
– Oppmøtet viser at næringslivet i regionen er klar for å ta del i moglegheitene. No handlar det om å følgje opp, slik at fleire bedrifter kjem i posisjon, seier Lars Endre Gimmestad, prosjektleiar for ringverknadsarbeidet i Stad Vekst.
Takk
Takk til AF Gruppen, Kystverket og Stad kommune for godt samarbeid, og til alle innleiarane. Ein stor takk også til Selje utviklingslag ved Gunnar Silden og vener av Selje samfunnshus med Steffen Hoddevik i spissen, som hjelpte til med å stelle i stand lokale og lunsj.