Kreativ verkstad om destinasjonsutvikling Stad

Kreativ verkstad om destinasjonsutvikling i Stad

Onsdag 25. februar kjem Simen Staalnacke til Stad kommune for å halde arbeidsverkstad om utvikling av Stad som destinasjon.


Verkstaden er ein del av eit felles utviklingsarbeid i regi av Visit Nordfjord, der målet er å styrkje og vidareutvikle kvar av kommunane som attraktive reisemål i Nordfjord-regionen.

Kunnskapen og innspela frå verkstaden blir også ein del av grunnlaget for ein revidert strategi og temaplan for næring og reiseliv i Stad kommune. Denne skal peike ut retninga for den vidare utviklinga dei komande åra.

Som del av prosessen med planen blir det no også gjennomført ei kartlegging av no-situasjonen, for å få eit klart bilete av status, roller, rutinar og moglege forbetringsområde. To spørjeundersøkingar blir sendt ut – éi retta mot næringslivet og éi mot politikarar og kommuneadministrasjonen. Undersøkingane blir deretter følgde opp med intervju.

Meld deg på her.

Forrige
Forrige

Spørjeundersøking frå Stad kommune

Neste
Neste

Opptak frå møte om Stad skipstunnel