Bli med på å forme reiselivet i Nordfjord for framtida

Julelys i Eidsgata

Snart er det atter ein gong klart for julehandel i Eid sentrum! Mørketida nærmar seg med stormskritt – det er tid for å gjere den litt ljosare saman.

For å gjere haustmørket og vinteren litt varmare og lunare skal Eid Handel no i gong med montering av ny julebelysning i Eidsgata. For å få alt på plass vil vi ha med oss fleire på laget:  

Eid Handel ønskjer å invitere di bedrift til å vere med på spleiselaget og bidra til å dekke kostnadane knytt til montering, vedlikehald og drift av lysa i vintermånadene.

​Vi håpar at fleire bedrifter og eventuelt privatpersonar ser verdien av å delta og vil vere med å skape den rette stemninga i sentrum. Kvar bidrag, stort eller lite, vil ha stor betydning.

Dersom di bedrift ønsker å bidra, kan du  ta kontakt med oss for meir informasjon om korleis dette kan gjennomførast.

John Doe

Stad Vekst

John Doe

Stad Vekst

John Doe

Stad Vekst

Forrige
Forrige

Julebelysning i Eidsgata

Neste
Neste

Kraftseminar Nordfjord