Tips og råd til småbedrifter

Webinar likviditetsstyring 30. mars

Webinar.30.03_Likviditetsstyring i krisetider_Nordfjord (1) (1)


Situasjonen endrar seg frå dag til dag og mange er usikre og har mange spørsmål. Vi har her samla saman litt nyttig informasjon til å handtere dei utfordringane som næringslivet no står ovanfor.

Regjeringa: 

Regjeringa set i verk ein del strakstiltak for å dempe dei økonomiske verknadene av koronaviruset.

NAV:

Informasjonen på nav.no blir oppdatert so snart regelendringane er nærare avklart. Her finn du som er arbeidstakar, arbeidsgivar eller sjølvstendig næringsdrivande spørsmål og svar om koronaviruset og kva som gjeld i din situasjon. Les meir på Nav sine sider her.

ECIT: 

ECIT har samla informasjon om korleis du som arbeidsgivar bør forholde deg til koronaviruset. Les meir på ECIT sine sider her.

Advokatfirmaet Harris

Koronaviruset – en gyldig grunn til ikke å betale husleie? Råd og tips til utleier og leietaker: https://harris.no/aktuelt/

Sands: 

På grunn av den ekstraordinære situasjonen vi er i med koronaviruset, har SANDS oppretta ein eigen https://www.sands.no/nb-NO/nyheter.

Innovasjon Norge: 

Innovasjon Norge sine ordningar er ein del av Regjeringa sine tiltak for å dempe dei økonomiske virkningane, og oppdatert informasjon om Innovasjon Norge sine tiltak finn du her.

Kluge: 

Kluge har samla aktuelle problemstillingar for arbeidsgivarar her. Her kan du også oppdatere deg på force majeure og forsikring.

Virke:

Virke har samla spørsmål og svar på typiske problemstillingar kring permitteringar, arbeidstid, stengt barnehage/skule osv. Spørsmål og svar om kontraktar og force majeure finn du her.

NHO

Næringslivets hovedorganisasjon (NHO) har samla spørsmål og svar for arbeidsgivarar om permitteringar, sjukepengar, reise, karantene, arbeidstid og anna i samanheng med koronaviruset.

Les meir på NHO sine sider her.

Helsedirektoratet

Råd og informasjon frå Helsedirektoratet finn du her.

Arbeidstilsynet

Arbeidstilsynet har samla råd og informasjon om tiltak i arbeidslivet mot smitte her.

Deloitte

Deloitte Advokatfirma har oppretta ein eigen helpdesk for å hjelpe bedrifter med rettslege problemstillingar relatert til koronautbruddet og dei tiltak som er innført i Norge. Her finn du ressurssida til Deloitte.

PwC

PWC har oppretta ei temaside for å forstå og handtere konsekvensane av Covid-19. Her kan du lære korleis di verksemd kan planlegge og førebu seg best mogleg.

Bankane

Sjå din bankforbindelse si nettside for informasjon som kan kome di bedrift til nytte.

Adeb

Styret sitt ansvar i ekstraordinære situasjonar – ei sjekkliste: https://www.adeb.no/aktuelt/aktuelt/nyhetsbrev-koronaviruset—styrets-ansvar-i-ekstraordinare-situasjoner/?fbclid=IwAR0xUTRYkqGLhsdGiwfQTYUShNQ3Y1wk6k78_VVOaAks92UJmjE9SlJsHpg

Nytt frå Finans Norge

https://www.finansnorge.no/aktuelt/nyheter/2020/korona/

Accountor

https://www.accountor.com/nb/blogg

Tiltaksliste for mindre verksemder som er råka av koronakrisa

Sjølvstendig næringsdrivande, enkeltpersonføretak og små- og mellomstore verksemder har ikkje alltid eigne tilsette for å jobbe med økonomi- og personalsaker. Ofte er det ivareteke av dagleg leiar/eigar på kvelds- og nattestid, eller gjennom delte stillingar i organisasjonen eller sett bort til rekneskapsførar eller andre utanfor sjølve bedrifta.

Større verksemder har oftast betre oversikt over personallovgjeving og den daglege driftsøkonomien enn dei små. Slik sett kan små verksemder verte dobbelt hardt råka; både kan sjølve drifta opphøyre, og ein får mykje ekstra å setje seg inn i slik situasjonen plutseleg er no.

Vel vitande om at det gjerne fungerar på denne måten i mange små bedrifter, vil vi i næringshagen gjerne hjelpe til med nokre råd som kanskje kan ha nytte for verksemda di:

  • Følg med på nyhende som gjeld økonomiske og juridiske tiltak som styresmaktene set inn for å dempe krisa. Sorter ut og prioriter det som gjeld deg og di verksemd.
  • Kutt kostnader. Prioriter og kutt det som kan kuttast raskt og enkelt fyrst.
  • Mangel på arbeid? Vurder permittering og evt. oppsigelse.
  • Bruk altinn.no og nav.no, evnt. med innlogging, og set deg inn i kva regelverk som gjeld firmaet ditt, deg sjølv som arbeidstakar og dine tilsette. Bli kjent med «dine sider» og korleis tenestene fungerar.
  • Ta kontakt med banken din FØR du får problemer. Ha ein god dialog; Moglege tiltak kan vere avdragsfriheit, betre rentebetingelsar, utvida kassakreditt, refinansiering.
  • Leverandørar: alle må bidra. Korleis kan ein forsøke å fordele byrden gjennom verdikjeden?
  • Kanskje du kan få forlenga kredittid hjå leverandøren?
  • Eller kanskje du kan få kontantrabatt ved å betale tidlegare? Verdt å vurdere dersom du t.d. allereie har omsatt vara vidare. Til dømes er det ikkje uvanleg med 1,5-2% ved å gå frå 30 til 10 dagar.
  • Kanskje kan du gå i forhandling med leverandørar om forbetring av betingelsar som følge av marknadssvikten?
  • Vurdere evt. kostnad ved å utsette eller avbestille? Kva ordning kan du få til?
  • Hald kontakt med kundar: Kan du få til førehandsbetaling heilt eller delvis? Auke volum i leveranser? Prisauke? – som følge av svakare norsk krone eller knappheit på varer i marknaden kanskje?
  • Gårdeigar: Kan leigekrav fråfalle, utsettast, reduserast? Nye betingelsar? Gradvis opptrapping igjen i normalsituasjon?
  • Bruk tid no når drifta kanskje ligg nede til å få gjort administrativt arbeid:
  • Ordne bilag og føre rekneskap slik at du kjem ovanpå og får god økonomisk oversikt.
  • Eit godt utarbeidd likviditetsbudsjett kan gje godt grunnlag for deg sjølv, banken og andre hjelparar i å sjå når dei økonomiske utfordringane evt. vil kome. Ta kontakt om du ønskjer malverk og tips til arbeidet.
  • Prognosar for ulike scenarier (sal, kundesvikt, varelager, tap på uteståande kundefordringar osb.) kan òg vere eit godt verkty for rekneskapsførar, banken din, næringshagen m.fl. til å hjelpe deg å finne rett stønad eller rett hjelp for verksemda di.
  • Rekneskap og budsjett kan til saman vere gode verkty for å planleggje innkjøp, vidare drift og tilbakekalling av permitteringar når kaoset og krisa etter kvart roer seg. Vær førebudd på korleis du skal starte opp att drifta med mest mogleg fornuftige kostnader og realistiske inntekter.
  • Oppdaterte rekneskap og budsjett kan og vere til hjelp ved søknader på moglege stønader, kriseordninger og likviditetslån.
  • Omstille? Ser du andre/nye marknadsmoglegheiter bedrifta di kan levere til? Andre/nye kundegrupper? Kan det vere aktuelt å slå seg saman med ein konkurrent eller ei komplementær verksemd? Nye produktgrupper? Køyre internt utviklingsprosjekt og finne støtteordningar til dette?
  • Eller er styrt avvikling noko du helst foretrekker før situasjonen utviklar seg?
  • Samarbeidspartnarar: korleis kan de saman hjelpe kvarandre gjennom krisa?
  • Bruk nettverket ditt. Spør om hjelp frå rekneskapsførar, næringshage, fag- og bransjeorganisasjonar, konsulentselskap, kollegaer og konkurrentar. Vær i forkant av utfordringane, spør tidleg om hjelp.
  • Vær observant for moglege svindlarar. Bedragarar og svindlarar vil mest truleg freiste å utnytte situasjonen: Vær obs på «kunder» som vil endre kontonummer for innbetalingar.
  • Vær obs på unormale fakturaer eller uvanlege betalingskrav.
  • Vær obs på utlevering av sensitive data; personopplysningar, betalingsopplysningar og slikt.
  • Vær obs på kva linker og dokument du opner frå epostutsendarar.
  • Følg råd frå bank, Næringslivets Tryggingsråd, NSM, Politiet og andre.
  • Meld fra til banken med ein gong om du mistenker du er utsett for svindel.

Vi jobbar med korleis vi kan hjelpe verksemdene i kommunane med å kome seg best mogleg gjennom denne krisa. Ei slik liste kan ikkje vere uttømmande, men peikar på nokre få ting ein kan vurdere.

Vi tek gjerne mot innspel til fellesløysingar og ting vi kan bidra med som vil kome flest mogleg til nytte.

Les også kva tidlegare leiar av Innovasjon Norge, Anita Krohn Traaseth, har av tips her: https://www.dn.no/innlegg/koronaviruset/naringsliv/ledelse/anita-krohn-traaseths-kriserad-til-smabedriftsledere/2-1-777152

Det fins fleire verktøy for å møtast og halde kontakten gjennom heimekontor-tida. Vi brukar TeamsWherebyZoomHangouts, Slack, m.fl. Kontaktoss dersom du ynskjer hjelp med å kome i gang.

Kilde:
http://nhin.no/aktuelt/tips-og-rad-til-smabedrifter