Pressemelding fredag 12. aug. 22
Synnøve Elisabeth Aabrekk blir ny dagleg leiar for Stad Vekst
Stad Vekst AS er næringslivet sitt organ for langsiktig samfunns- og næringsutvikling i Stad kommune. Selskapet skal i nært samarbeid med kommunen og andre samarbeidspartnarar stimulere og legge til rette for vekst i næringslivet, samt vere ein pådrivar for å gjere kommunen ein betre stad å bu og besøke. Ein sentral del av dette arbeidet er næringspolitisk verksemd og påverking, bygging og utvikling av gode nettverk og møteplassar, og organisering og gjennomføring av prosjekt som fremmar næringslivet og samfunnet sine interesser.
Næringslivet i Stad kommune står framfor mange spennande og utfordrande utviklingsmoglegheiter. Det er derfor viktig å styrke posisjonen til vekstselskapet med fleire relevante ressursar for at organisasjonen skal kunne bli eit meir effektivt talerøyr og ein sentral tilretteleggjar for næringslivet.
«Vi har no inngått avtale om å engasjere Synnøve Elisabeth Aabrekk som ny dagleg leiar for Stad Vekst gjennom ei Management-for-hire avtale med Segel AS. Dette er gledelege nyheiter både for Stad Vekst og samarbeidspartnarane våre. Næringslivet i Stad får med Synnøve ein svært godt kvalifisert og motivert representant og pådrivar som skal jobbe for å utvikle framtidsretta næringsvekst og bulyst i kommunen vår. Ho har dei siste åra vore sentral i utviklinga av Sørlandet som reiselivsdestinasjon, som mange meiner er blitt landets «råaste»», seier Liv Koller-Borg, styreleiar i Stad Vekst.
Synnøve Aabrekk byrjar i stillinga 1. november. Inntil då fungerer Liv Koller-Borg som konstituert dagleg leiar. Styret har med dette avslutta ein grundig tilsettingsprosess, der fleire godt kvalifiserte og motiverte kandidatar søkte om å få vere med på å utvikle næringslivet i området, gjennom Stad Vekst. «Vi set stor pris på interessa rundt stillinga og ser fram til å arbeide nært også med dei som ikkje nådde heilt fram denne gongen», seier Koller-Borg.
Synnøve har over 25 års erfaring som rådgivar innan strategi og forretningsutvikling, marknads- og prosjektutvikling i Segel AS. Ho kjenner godt til næringslivet i Nordfjord, gjennom fleire år som rådgjevar, dagleg leiar og prosjektleiar for ulike typar prosjekt. Dei siste 8 åra har ho jobba særleg med kultur- og reiselivsutvikling i eit breitt perspektiv gjennom m.a. NCE Fjord Norway og dei siste 4 åra som dagleg leiar for landsdelsselskapet Visit Sørlandet. Her har ho jobba særleg med klyngeutvikling gjennom nettverk til offentleg forvaltning, akademia, FoU institusjonar og øvrig næringsliv, og er no styreleiar for Techpoint AS, landets raskaste voksande næringskonferanse med fokus på miljø, teknologi og berekraft.
«Eg ser veldig fram til å kome heim til Nordfjordeid og få jobbe i eit miljø saman med dyktige bedrifter i å utvikle eit berekraftig og framtidsretta næringsliv der bulyst, nærings- og besøksattraktivitet er viktige berebjelkar for framtida, og ikkje minst bidra i utviklinga rundt og med Stad Skipstunnel» seier ho.