© M._Dickson – VisitNorway.com

Selje er ei stolt bygd med ei unik historie og ei spennande framtid

Bli med på folkemøte om Selje si framtid – 23 september kl. 18.00 – 20.00 i stortelt utanfor kommunehuset.

Dei aller fleste av oss kjenner Selje si historie. Ho er ei viktig del av identiteten vår. Nå står vi føre nokre historiske milepælar og er opptatt av å ha med oss heile bygda på dette nye eventyret. Det som no skjer vil påverke oss, og skape nye spennande moglegheiter for nye generasjonar — og det er nettopp framtida vår det handlar om når Stad Vekst no inviterer til folkemøte.

Vi er så heldige å ha eit stort lokalt engasjement for alle framtidsplanane som omhandlar bygda vår. Diskusjonane rundt eit nytt hotell og skipstunnelen er gjengangarar i lokalpressa, på sosiale media og rundt middagsbordet. Her opplev vi både ei naturleg uvisse og sunn skepsis, men mest av alt optimisme for ei positiv framtid i eit berekraftig samfunn.

Ringverknadene av kva verdens første fullskala skipstunnell vil ha for Stad kommune er store, men ukjende. Vi vil bli eit utstillingsvindauge for resten av verda — med store moglegheiter for eit næringsliv som tør å satse. Dei neste 5 åra vil heilt klart bli utfordrande. Vårt nærmiljø vil bli ein enorm byggeplass som vi saman må halde ut. Det er dessverre noko vi alle må gå igjennom for nå måla vi har satt oss.

Vi trur på ei lys framtid full av nye moglegheiter. Ei framtid som bidrar til at komande generasjonar skal kunne skape gode liv i kommunen vår. Ein viktig føresetnad for dette er at fleire oppdagar, vitjar og slår seg ned i bygda vår. Denne jobben må starte no, og vi oppførde til samhandling.

Det nye hotellet vil bli ein viktig samleplass for Seljes innbyggjarar, og ei flott oppleving for framtidige gjester. Utbyggjarane vil ta med oss det beste frå slik det var før — og tilføre det som skal til for at det nye hotellet skal bli enda endå betre.

Det har tidlegare blitt publisert nokre skisser for det nye hotellet. Etter ønskjer frå både utbyggjarar og lokalbefolkning har desse blitt vidareutvikla for å skape eit hotell med heile bygda i ryggen. Vi ynskjer ei storstue som vi alle er stolte av, og ei unik oppleving for gjester frå inn- og utland, som i aukande grad vil oppleve natur og ver på nært hold.

Det hender mykje og det hender fort, og det finnes spørsmål som fortener gode svar.

Stad Vekst vil difor invitere til nytt folkemøte 23 september. Vi lover interessante og viktige innslag, og håpar på fullt telt. Det vil bli lett servering, og det kostar sjølvsagt ingenting å delta.

Vi tek koronahensyn og fyller plassane innanfor gjeldande reglar denne dagen. Elles ber vi om at vanlege smittetiltak blir følgd.

Vi gleder oss til å dele våre, og høyre dine tankar om framtida!

Meld deg på folkemøte her

 

 

Stad Vekst AS er næringslivet i Stad kommune sitt eige utviklingsselskap som jobbar for å skape trivnad, moglegheiter og ei trygg framtid i regionen. 60 bedrifter har gått saman for å skape berekraftig vekst. Stad Vekst samarbeider tett med andre vekstselskap som Måløy Vekst og Vanylven Utvikling, med prosjekter som fremmar regional vekst og utvikling for Seljes innbyggjarar, samt lokalt og regionalt næringsliv.