AKSJETEIKNING

Stad Vekst AS har no avslutta emisjonen i selskapet og resultatet vart kr 487.500 i ny aksjekapital. Vi nådde målet på kr 400.000 med god margin, og selskapet har no fått ei bredt eigarskap frå næringslivet, i hovudsak frå Eid og Selje kommunar. Det kom inn teikningar frå 44 nye selskap og enkeltpersonar, og samla aksjekapital vil bli på kr 517.500 etter at emisjonen er gjennomført.

Styret er godt tilfreds med aksjeteikninga, og selskapet har no eit godt økonomisk grunnlag for vidare satsing.

Innbetaling av ny aksjekapital skal skje til selskapet sin konto 3633 61 86212. Fristen for innbetaling er sett til 3. mai.

Vi minner også om generalforsamling i selskapet den 14. mai kl. 10.30 i Skreddarhuset (Øyane 11) på Nordfjordeid. Sakliste til generalforsamlinga vil bli sendt til aksjonærane.