Velkommen til FoU-verkemiddeldag for næringslivet i Nordfjord

Har du planar om å utvikle noko nytt, og lurer på om SkatteFUNN eller ei anna FoU-finansieringsordning er noko for di bedrift? Kom og lær om ulike moglegheiter, få tips til korleis komme i gang, og høyr frå bedrifter i vår region som har lukkast med bruk av FoU.

Velkommen til ein dag med inspirasjon og informasjon om moglegheiter for finansiering til forskings- og innovasjonsprosjekt. Du får informasjon om kva du kan få økonomisk støtte til gjennom SkatteFUNN, og andre regionale, nasjonale og internasjonale ordningar for FoU.

Mange bedrifter sit på eit potensial for auka verdiskaping men som kan krevje eit FoU-arbeid for å realisere. Kanskje opplever mange ein høg terskel for å nytte støtteordningar for å gjennomføre lønsame utviklingsprosjekt? På denne samlinga vil vi gjere terskelen lågare og legge til rette for at bedrifter kan komme i gang.

Forsking og innovasjon i praksis

Du vil få presentert praktiske eksempel frå bedrifter i vår region som har fått resultat av å tenke nytt, og som delar av sine erfaringar med bruk av FoU.

Frode Lindvik i Bano-gruppen fortel om deira 10 år lange erfaring med SkatteFUNN og om samarbeid med forskarar i innovasjonsprosjektet “NORSealast AF”. Jon-Rune Heimlid i Nomek deler sine erfaringar med SkatteFUNN, og fortel om korleis og kvifor dei arbeider med innovasjon og utvikling.

Møtet blir på Nordfjord Hotell, onsdag 11. mars kl. 09.00-15.00

Sjå denne lenkja for komplett program og påmelding:

https://forskningsradet.pameldingssystem.no/skattefunn-og-fou-som-verktoy-for-innovasjon-i-naeringslivet

Arrangementet er eit samarbeid mellom næringsorganisasjonane i Nordfjord, Teknoløftet, VRI og Forskningsrådet.

Velkomne til en nyttig fagdag!