Har du planar om å utvikle noko nytt, og lurer på om SkatteFUNN eller ei anna FoU-finansieringsordning er noko for di bedrift? Kom og lær om ulike moglegheiter, få tips til korleis komme i gang, og høyr frå bedrifter i vår region som har lukkast med bruk av FoU.

Velkommen til ein dag med inspirasjon og informasjon om moglegheiter for finansiering til forskings- og innovasjonsprosjekt. Du får informasjon om kva du kan få økonomisk støtte til gjennom SkatteFUNN, og andre regionale, nasjonale og internasjonale ordningar for FoU.

Mange bedrifter sit på eit potensial for auka verdiskaping men som kan krevje eit FoU-arbeid for å realisere. Kanskje opplever mange ein høg terskel for å nytte støtteordningar for å gjennomføre lønsame utviklingsprosjekt? På denne samlinga vil vi gjere terskelen lågare og legge til rette for at bedrifter kan komme i gang.

Forsking og innovasjon i praksis

Du vil få presentert praktiske eksempel frå bedrifter i vår region som har fått resultat av å tenke nytt, og som delar av sine erfaringar med bruk av FoU.

Frode Lindvik i Bano-gruppen fortel om deira 10 år lange erfaring med SkatteFUNN og om samarbeid med forskarar i innovasjonsprosjektet “NORSealast AF”. Jon-Rune Heimlid i Nomek deler sine erfaringar med SkatteFUNN, og fortel om korleis og kvifor dei arbeider med innovasjon og utvikling.

Møtet blir på Nordfjord Hotell, onsdag 11. mars kl. 09.00-15.00

Sjå denne lenkja for komplett program og påmelding:

https://forskningsradet.pameldingssystem.no/skattefunn-og-fou-som-verktoy-for-innovasjon-i-naeringslivet

Arrangementet er eit samarbeid mellom næringsorganisasjonane i Nordfjord, Teknoløftet, VRI og Forskningsrådet.

Velkomne til en nyttig fagdag!

Vestland fylkeskommune inviterer til frukostmøte!

Korleis kan vi saman utdanne fleire fagarbeidarar? Meld deg på frukostmøte og ta gjerne med folk frå eigen organisasjon! Få meir informasjon om opplæring i bedrift og korleis vi saman kan skape gode samarbeidsarenaer.

Frukostmøte blir arrangert på følgande stadar:

  • Eid vidaregåande skule 26.02.2020 klokka: 08:00 – 09:15
  • Stryn vidaregåande skule 03.03.2020 klokka: 08:00 – 09:15

Vi serverer frukost frå 07:45. Deltaking på frukostmøte er gratis. Vel møtt!
Sjå påmeldinga for meir detaljert program.

Påmelding
Det er elektronisk påmelding: https://sfj.pameldingssystem.no/rekruttering-av-framtidas-fagarbeidarar

Påmeldingsfrist: ei veke før frukostmøte finn stad.
Påmelding er bindande, gje melding om du likevel ikkje har høve til å møte. Kontaktperson i fylkeskommunen: Essi Mäki, Essi.Annika.Maki@vlfk.no

Turistnæringa i Nordfjord er ei betydelig næring og gjev ringverknadar langt ut over reiselivet. Dette fører til verdiskaping og overrislingseffektar for andre næringar og gjer regionen meir attraktiv som bu- og arbeidsstad. Vi skal gje gjesten moglegheit til å orientere seg om regionen sitt tilbud på ein enklare måte ved å ta i bruk digitale løysingar, som gjer reisemålet tilgjengeleg før, under og etter opphaldet.

Stad: Nordfjord Hotell
Tid: 13. Februar, 18:00 – 20:00

Program:

  • Reiselivet er i sterk vekst i Noreg – Nordfjord satsar målretta for å ta del i denne veksten. Kva er Nordfjord sin strategi i reiselivsarbeidet?
    – Kursen framover, Strategi og satsingar 2020. Marita Lindvik, Visit Nordfjord
  • Nordfjord som reiselivsregion skal bli endå meir attraktive ved å vere tilgjengelige i det digitale reiselivslandskapet. Auka tilgjegeligheit og lønnsemd gjennom felles bookbar plattform
    – Kva betyr det for meg som aktør og bli bookbar på nordfjord.no. Benedicte Willand Elsrud, Visit Nordfjord
  • 10 min pause
  • Komplett digital reiseguide over Nordfjord er tilgjengeleg på mobilen til ein kvar tid. Du som innbyggjar, kommune, aktør og handelstandsbedrift kan vise fram ditt produkt, gi tilbud og praktisk informasjon til den valgte målgruppa
    – Bli det gode vertskap med appen Aispot. Benedicte Willand Elsrud, Visit Nordfjord
  • Reiselivsutvikling i Stad kommune – Status/Framdrift. Stad kommune.

Velkomen til ope møte anten du er reiselivsbedrift eller handels- og servicenæring i Nordfjord.