Operasjon nullutslepp i Vestland 6. februar: Kva kan vi gjere lokalt?

Velkomen til inspirasjonssamling torsdag 6. februar kl 09-14 i Operahuset Nordfjord, Nordfjordeid

Vestland fylke har sett eit tøft mål: Å bli eit nullutsleppfylke i 2030! Inspirert av dette, har no fleire kommunar i nye Vestland sett seg same mål, mellom anna Stad. Andre kommunar har også sjansen til å setje offensive klimamål i løpet av 2020.

Stad kommune, Vestland fylkeskommune og Klimapartnere Vestland vil i samarbeid med Sparebanken Vest invitere til ein inspirasjonsdag for å syne at nullutslepp er mulig – og kan skape
eit betre samfunn!

Vi vil syne døme på kva som kan gjerast lokalt, og syne at offensiv klimasatsing ikkje berre er for dei store byane, men også viktig og positivt for distriktskommunar og verdiskaping i distrikta.

Vi vil særleg ønskje velkomen alle i Vestland som det neste året skal arbeide med å lage kommuneplan, setje klimamål og leggje føringar for bærekraftig areal- og samfunnsutvikling. Men alle andre er også hjarteleg velkomne!

Du møter mellom anna desse foredragshaldarane:

  • Natalia Golis, Fylkesvaraordførar i Vestland
  • Helene Frihammer, Klimapartnere Vestland
  • Sveinung Rotevatn, Statssekretær KMD
  • Ingrid Velken, konserndir. BKK
  • Johannes Rauboti, konsernsjef SFE
  • Bente Glomset Vikhagen, Ålesund kommune
  • Åslaug Krogsæter og Kristine Dahl, Stad kommune

Arrangementet er gratis! Detaljert program, meir info og lenke til påmelding blir lagt ut under Facebookarrangementet Operasjon nullutslepp: Kva kan vi gjere lokalt?

Har du spørsmål, kontakt:
alfred.bjorlo@stad.kommune.no